tirsdag 30. november 2010

Advent

Nå har me gått inn i adventstida. Ventetid. Kva me ventar på er forskjellig, men tilslutt blir det likt for dei fleste her; Me ventar på jula!

Søndag var første søndag i advent, og me har ikkje kome til desember ein gong. Me har fire veker på oss til ettertanke og kos. Men brukar me det slik?

Som regel er desember ein forferdelig månad. Det er månaden då alt skal skje; Julebord, juleavslutningar, gavene skal kjøpast inn, julekort skal skrivast, det skal handlast inn, pyntast og bakast.
Som regel er me heilt utsletne når jula ringes inn. Det er då ikkje slik det skal vera. Kanskje det er på tida å ta adventstida tibake. Det må vel vere ting me kan endre på og likevel få ei  "perfekt" jul?
Gode forslag mottas med takk .

Eg  for min del har kjøpt inn julegåvene for eit par månadar sidan. Dette året har eg pakka dei inn i god tid også. Dei står ferdig sortert i poser, klar til avlevering. Bakdelen med å handle julegåver i oktober er at me får dei ikkje innpakka i julepapir.


Dagens kviss: Er det nokon som veit kor dette julehuset står?  Det e ikkje i Suldal, så denne gongen må me sjå vidare  utover.

DSC00228

mandag 29. november 2010

Nytt klokkeslett for kvissen

Det har mykje kritikk på tidspunktet for nytt innlegg på bloggen. Sidan vinnaren av dagens kviss går til første rette svar ,er det viktig å vere inn på tidlieg.
klokka 9 kolliderer med skulestart og klokka 8 med jobbstart. Så då prøver eg klokka  halv 8 frå i morgon.
Nå håpar eg  fleire blir nøgde

Laksen og Lågen



Eg trur eg kan sei at den mest kjende staden i Suldal er Skoti på Hiim. Men det er under vatn. Der Lågen slynger seg nedover frå Juvet ligg Skoti. Der held Team Skoti til.

Dei som les VG nett avis har sikkert sett " Laksen Live". Der kan me sjå laksen i Lågen. Fleire kamera følger laksen. De er fastmontert, men kan fjernstyres via pc av eigaren.
Dette er nokså unikt og stadig fleire får augene opp for dette. Folk over heile verda kan sitje og sjå på auren og laksen si ferd i Lågen, mens det skjer.   Sida har passert 1 mill besøkjande. Dei fleste er utenlandske.  Nå har det vore mykje aktivitet på sidene då gytinga er i gong. Her er det mykje spanande å sjå for dei som er interesserte.

Danskane har nettopp skrevet om det i politiken nett  www.politiken.dk  baksiden, innslag 25 nov. Dei er helst misunnelige på oss.

I stykket sitt lurte dei på korlesi nokon hadde komme på noko så genialt. Det som er det beste med dette er at det er ikkje klekka ut av ein etat som er lønna for å komma på  smarte ting. Det er ei eldsjel som står bak. Agnar Berge, som har slekt i Suldal, har fiska her i alle år. Dei siste åra har han leigt fiske på Hiim hjå  Magnus og Olav Magne Hiim. Der fekk han lov til å gjennomføre draumen sin; live kamera i Lågen.

Dagens kviss: Eit kamera står over vatn. Kor peikar det mot?

søndag 28. november 2010

Det skjer på Sand

Dette var helga då ein måtte halde tunga beint i munnen for å navigere seg gjennom alle arrangement på strandstaden. Helst skulle ein ha klona seg fleire gonger.
Heile helga var fullspekka med stort og smått.

Kulturhuset hadde kinohelg som startar alt tordag.
Fredag kunne 11-13 gå på bedehuset, det kunne og ungdommane. Kinoen viste filmar til seine kvelden og Heidrun hadde kvisskveld.

Lordag  hadde Indremisjonen si årlige julemesse på Sand skule. Det var julemesse på  Jelsa og Kjølvikstølen og.
Klokka 12 opna peparkakebyen, så var det kunstutstillingsopning før ein måtte toge ned i gata for å tenne julegrana. Heidrun serverte julegraut og gløgg, så var det til å springe opp for å sjå meir film.
På ettermiddagen var det T-dans på Heidrun. Så fekk nokon kanskje tid til å handle før dei  sjaina seg opp for å gå på  hotellet og ete lutefisk. Så var  det live musikk på Heidrun.

Og dei som ikkje fekk  nok, kjørte til Osen søndagen og fekk med seg Suldal musikkorps sin julekonsert på Vinjar skule før dei for på bingo på samfunnshuset.

Då seier det seg sjølv at ein sovna god og mett på opplevingar.

Dagens kviss: Kor er "Coca Cola"- nissen uønska?

lørdag 27. november 2010

peparkakeby-opning

Peparkakebyen blei høgtideleg opna av ordføraren i Suldal. Andreas fekk æra av å starte togtrafikken. Dessverre viste det seg at togdrifta ikkje var stort bedre enn NSB

Pepparkakeby-bidrag 2010

www.facebook.com/group.php?gid=308458064746

Kulturhuset i Suldal har store ambisjonar. Dei vil bli store .. like store som kulturen i Bergen.  I alle fall på peparkakeby- sida.  Tradisjonen tru sender dei ut bodstikke med melding til alle om å sette i gong å bake og bygge.
Dei siste dagane har butikkane gått tome for ferdig peparkakedeig og eimen av peparkaker og svidd sukker har lege tung over strandstaden.
I Bergen får dei folk til å strøyme til byen frå områda rundt Bergen sentrum med byggverk. Der klarer ikkje kulturhuset måle seg med den mykje større byen. Innleverte bidrag kjem helst frå strandstaden. Det er synd, for det er mange flotte hus i Erfjord,  på Jelsa, Nes , Osen, halvøynå og Hylsfjorden. Dei skulle absolutt vore plasserte i peparkakebyen på Sand.
Denne eine månaden i året har strandstaden  eigen jarnbane med stasjon og toga går til alle tider. Noko NSB kunne strekkje seg etter. 
I Prestaåsen var det kakling, kos, kaos og knekk.  Dei ferdige produkta kan beskues i Kurturhuset  frå i dag.
Det blir høgtidlig byopning klokka 12.00

Arkitekt: liv midt i livet.
Dekoratørar: Liva, Ida, Siri, Tonje og Andreas
P1010028P1010029
P1010031 P1010030
P1010032 P1010033
P1010034 P1010036
P1010037 P1010035


Dagens kviss:  Kva skjedde i Bergen omtrent på denne tida i fjor?

fredag 26. november 2010

mor mi

Dette er mor mi.  Ho er frå sand, fødd på folkehøgskulen. Bestefar var lærar på Ryfylke folkehøgskule. Bestefar kom frå Bråtveit og bestemor frå Fattnes. Dei var innflyttarar til Sand  i den tida måtte ein vere tredjegenerasjon sandbu for å vere innfødd. Mor er eldst av fire sysken. Det er kun dei to eldste som ennå lever.

Mor var au pair lenge før ordet var oppfunne. Sandsjenter fekk ofte komma utanlands via kjende som fiska i Lågen.  Mor kom til ein liten stad i East Anglia. Der var ho i halvanna år. Ho kom heim og fekk jobb på trygdekassen. Sjefen  var Gunnar Lunde og han styrte alle penge- kassane i Sand kommune.  Så vart ho gift til Hiim og fekk etterkvart 4 ungar.

Her ser de henne i buå framfor bilete av  dei som budde på Hiim før henne. 

Mor og far var veldig sosiale og hadde ein open heim. Folk kom og gjekk heile tida. Frokostbordet på Hiim står dekka i mange timar mest som på hotell. Slekt og venner kom og slo seg til for lengre eller kortare periodar om somrane. For oss ungar var det kjekt med liv og røre. Det var rart om det berre var oss sjølv rundt middagsbordet.
For mor har det nok vore meir slitsomt enn me trudde . Ho måtte opp først og sist i seng for å stelle for alle i tillegg til å arbeide på garden, men ho let oss aldri merke det.

No er ho 83 år og fremdeles like sosial. Ho har fremdeles kontrollen på slektsforhold. Det var av mor og far eg lærte å like slektsgransking. Når folk sat i godt lag rundt kjøkkenbordet og fortalde soger, vart det før eller seinare alltid ein diskusjon om slektskap. Då fekk mor alltid siste ordet. 

Den beste evna ho har er at ho aldri  snakkar stygt om folk. Der har ho vore ein god rollemodell, sjølv om me  ungar aldri klarte å leve opp til det. 
Ei god mor er godt å ha.

Dagen kviss: Kva heiter den noverande bonden på Hiim?

torsdag 25. november 2010

dagens vinnar

Me har ein vinnar i dag og;) The librarian bitch  svarte heilt rett at møta er på Fargeriet.

Hatte-liv

P1010016

Hattar er kjekt å ha. Damer med hatt er flott.Det er praktisk når ein har “sove” på håret og ikkje har tid til å sjaina seg opp.
I mitt forrige liv i byen brukte eg hatt både titt og ofte. Her på landet passar det liksom ikkje heilt inn. Går ein ut med hatt lordagskveldane kan ein risikere at ein himføing riv den av og trer den på sitt eige håve.  Og hatten får aldri meir same fasong …
Hatt er flott på  damer og menn. Her inne er det menn med hatt. De skulle berre visst koss barske me syns de er…..
Sand kvinne- og familiforbund brukar hatt ein dag i året. Då et me brenneneslesuppe og urtebrød. Det krever sin hatt.
Eg vil slå eit slag for hatten. Den er praktisk, den er fin og kan nyttast til meir enn å ha på håve når me skal ete neslesuppe.

Dagen kviss: Kor held Sand kvinne og familiforbund medlemsmøta sine?

onsdag 24. november 2010

dagens vinnar

Vinnar av kvissen 24/11 er the librarian bitch. Gratulerer:)

Teknisk innsikt:)

For oss midt i livet som hadde sveivegrammafon på hytta, høyrde på Radio Luxenburg og tok opp musikk på kassettar er ikkje den nye virtuelle verda så lett å forstå. Det skal synkroniserast, formaterast og kommuniserast.

Det å bruke tekstbehandling og sende e-postar kan vere ei utfordring. For ikkje å snakke om å starte blogging.  Det høyres greit ut...  men hjelpe å trøste for ei innsikt ein må ha. Innlegga kjem ikkje ut når dei skal... koss kunne eg vita at bloggen min stod på stillehavstid.
Ingen svarer på innlegga... koss kunne eg vita at eg bloggen var stengd for kommentarar.
Eg trudde ikkje bloggtjenesta tenkte at nåken ville ha ein blogg heilt for seg sjølv.

Ungane mine har ikkje hatt så stor tru på meg og min inntreden i  verdensveven. Dei veit koss eg slit med noko så enkelt som å ta bilder. Eg har ein  tendens til å trykke på feil knappar og får ikkje til å trykke det vekk. Under får de eit døme på mine evner. Eg skulle ta dokumentera at  Suldal el-verk hadde herpa kaffikjelen vår under anleggsperioden deira i Vikane ( Sahara)
La videosnutten tale for seg sjølv:

video

Dagens kviss: Kvifor dreiv Suldal el-verk med anleggsarbeid i Vikane (Sahara)?

tirsdag 23. november 2010

Suldal - The treasure chamber




Skattkammeret Suldal.

Eg bur i eit skattkammer. I mange år har Suldal kommune vore ein av landets rikaste. Kommuneplanen var fin og raus. Det vart satsa på oppvekst og kultur.  Men dei som har sett sin fot på ein gard veit at sjølv eit kulturbeite må røktast.

Det var ja til ditt, og ja til datt. Så kom kvardagen tiil Suldal og. Nå er det nei til ditt, og nei til datt.

Denne linken ovenfor viser til ein reklamefilm Suldal har fått laga. Den var sikkert ikkje billig, men kven såg den, og kva var meininga med den? På utube er det kun  litt over 600 treff!

Rådmannen har fått ein tøff jobb, men ho går inn for den med liv og lyst. Sparekniven er kvessa og den skjer gjennom alt.  Spørsmålet er om det er så "slugt". Å ta vekk goder som er brukt for å få småbarnsfamiliar til å flytte til, eller flytte heim att til Suldal er lite klokt med tanke på nyrekruttering. Me treng småbarnsfamiliar i suldal.
Dersom til dømes  barnehagetilbudet ikkje er bedre enn i byane så er det kansje ikkje så forlokkande å flytte hit. Det er på på grunn av gode oppvekstvilkår, kulturtilbud og fin natur mange har flytta hit. Eg trur ikkje småbarnsfamiliane vil vera nøgde med kun fin natur.

Så nå er det opp til politikarane å ta vare på familiane. Me treng dei, for dei skal ta vare på oss og drive samfunnet vårt vidare.

Kulturhuset. det er eit skattkammer. Dei som jobbar der står på og arrangerer smått og stort. Biblioteket er nerva i huset. Å spara på innkjøp av bøker og kulturtilbud  gjer samfunnet vårt fattigare.

La oss håpa at me ikkje vaknar opp neste budsjettår  i eit kammer der skatten er borte!

Dagens kviss: Kven er rådmannn iSuldal?

mandag 22. november 2010

dagens vinnar

Og me har fått rett svar. Julegata opnar kl 4 på lordag førstkommande. :) the librarian bitch er dagens vinnar! :) Gratulerer

kvissvinnarar:

I mangel på Heidrunquiz har eg min eigen minivariant med eit daglig spørsmål. Kun eit slik at det ikkje skal bli formykje for dykk tidlig på dagen.
Første mann til 20 rette får ein premie!

Vinnarar av dagen kviss:
15/11-     Tord                              svar:    Rømertopf
16/11-     Tord                              svar:.   12 bøker
17/11-     the librarian bitch            svar:    14 oktober
18/11-     Lutten                            svar:    ask leander butler garmager
19/11-    Viggo                              svar:    sola kulturhus
20/11-    Tord                               svar:    Merkur
21/11     Tord                               svar:    Muskelnytt
22/11     the librarian bitch              svar:   kl 16 lordag  27/11
23/11     Viggo                              svar:    Siri Fahlvik Pettersen
24/11     the librarian bitch              svar:   sjå svaret til t l b. tar for stor plass her
25/11     the librarian bitch              svar:   Fargeriet
26/11     Tord                               svar:    Magnus Hiim
27/11     Tord                               svar:    pepparkakebyen i Bergen blei rasert
28/11     Tord                               svar:    Kolbeinstveit
29/11     Tord                               svar:    Sahara
30/11     Tord                               svar:    Frakkagjer
 1/12      Tord                               svar:    Kinder kalenderen
 2/12      Lutten                             svar:   Odd Børresen
 3/12      the librarian bitch             svar:    Norwich
 4/12      the librarian bitch             svar:    ribbe
 5/12      the librarian bitch             svar:    natt til 1. juledag
 6/12      the librarian bitch             svar:    Richard 1
 7/12      the librarian bitch             svar:    GATAS brukt og antikk
 8/12      Anne                               svar:   I Suldal skyt dei jula inn
 9/12      the librarian bitch             svar:    Kast posen i bosset, helst sitt eige
10/12     Anne                              svar:    4 nye fargar  Lanett
11/12     Anne                              svar:    Fatiqe
12/12     the librarian bitch             svar:    rett forhold sukker- eddik
13/12     the librarian bitch             svar:    drept ved sverd
14/12     the librarian bitch             svar:    Blomar i håret
15/12     Anne                              svar:    den Julianske kalenderen
16/12     Tord                              svar:     Nissan X-trail
17/12     Tord                              svar:     26 bein
18/12     Tord                              svar:     Statsminister Jens Stoltenberg
19/12     the librarian bitch            svar:     Nasaret i Galilea
20/12     Anne                             svar:     Tuppen og Lillemor
21/12     Tord                              svar:    Skorovass skjenkestove
22/12     the librarian bitch            svar:     Christianfeldt
23/12     Anne                             svar:      fallossymbol
27/12     the librarian bitch            svar:    det blir lite pusling
28/12     the librarian bitch           svar:      15.august 1784
29/12     Anne                             svar:     ja
30/12     Anne                             svar:     i romjula
31/12     Anne                             svar:     Ein skulle halde seg heime
01/01     Anne                             svar:     i Kina
02/01     Anne                             svar:     den kommutative lov
03/01     the librarian bitch           svar:   bl a dameveske
04/01     the librarian bitch           svar:   det daua ut
05/01     TLB og Anne delt plass  svar:  røde kors
06/01     ingen rette

Glad eg bur på Sand

Eg har vore i byen! Byen er Stavanger. Stavanger er staden eg budde i meir enn 20 år.
Så mykje eg har gløymt;  Eg har gløymt bilkøane. Eg har gløymt parkeringsproblema. Eg har gløymt prøveromskøane. Eg har gløymt  handlekøane. Eg har gløymt....

Eg har vore på Kvadrat.
Skulle eit ærend i ein spesiell butikk. Kø på motorveien, Kjøre rundt overr halvtimen for å finne parkeringsplass. Sjokk å komme inn på "Kvaddå". Det var som ein egyptisk basar! Folk overalt.
Totalt utsleten sette eg meg i bilen etter utført ærend og kjører i kø tilbake til byen.

Då kom eg på kvifor eg flytta til Sand, perlå i ryfylke!
Roen, freden og  mangel på køar. Står det to mann og ventar på ledig kasse, syns me det er "svært til køar i dag"
Tenk over det dåkke innante; kor godt og fredelig me har det her.
Og ta julehandelen på Sand!

Dagens kviss: kva tid opnar julegata på Sand?

søndag 21. november 2010

svar på dagens kviss

Svaret på dagens kviss er Muskelnytt. Og me har ein Vinnar: Tord, gratulerer!

Polynevropati

Eg har polynevropati på full tid. Det gjer at det blir ikkje tid til så mykje anna. Det er slitsomt og plagsomt, men når ein så skal feila noko, så er det greit å feile med stil:)
Det er sjeldent, det er vanskelig å uttale og folk blir høgtidelige når dei får eit slikt ord servert;)
poly nevro pati... mange sjuke nerver.Det er altså er ein nevromuskulær sjukdom. Nervene dør. Gjennom eit mikroskop "ser nervene ut som ei branntomt ", sa ein professor. Når nervene dør, klarer ikkje musklane å  halde seg sterke. Dei er avhengig av nervestimulering. Så blir me i andre omgang muskelsjuke ;)

Det er vanskelig å få lov å bli muskelsjuk. ein må springe til lege og Nav i mange år før ein kvalifiserer til det. Men på vegen får ein mange andre merkelappar. For eksempel "nerver", eller andre rare ting.
Eg fekk ha kronisk bekkenløsning.  Eg godtok det til eg begynte å miste ting ut or hendene mine. Det  kunne eg ikkje forstå, at det kom frå bekkenet. Då fekk eg lov å  ha nerver.

Då eg etter 10 år fekk komme til nevrolog,  lo han litt då han stilte diagnosen og sa: legen din hadde jo rett, .. på ein måte. Det er jo noe med nervene...

Det viser seg at nokon av mine forfedre hadde overlevd svartedauen og  arvestoffet har mutert.  Min humoristiske nevrolog sa då: ja, for å si det sånn, så vil jo ikke du få svartedauen :)  Det er jo også ei trøst:)
ffm.no

Dagens kviss: kva heiter medlemsbladet til foreningen for muskelsjuke?

lørdag 20. november 2010

svar på dagens kviss

Svaret på dagen kviss: kven er Odins romerske  motsvar: Merkur.  Dagens vinar er Tord. Gratulere:)

magedans

Så var første dag av magedansfestivalen over. Liva har hatt ein travel dag med 5 timar kurs. Kurset med Isisvinge- koreografien var avlyst. Det syns ho var trist, for det virka spennande.

I dag har ho hatt orientalske teknikkar i to deler med Beata og Horacio frå Tyskland. Dei hadde med seg assistenten sin: ein liten pomeranien som etter sigende bjeffa viss elevane dansa feil vei ;)

I morgon skal ho ha trommesolo og Cheeky balady, 4 timar.

Og eg, eg har stressa! Eg skulle berre eit ærend til Kvadrat, men eg hadde gløymt kva månad det er. Eg brukte 30 minutt på å finne parkeringsplass! Det var då eg roste meg sjølv for å ha handle inn julegaver for lenge siden:)

Liva fann seg eit fint danseantrekk  i Basaren; grøn nervøs fløyel, topp og bukse :)
Webcameraet virkar sjølvsagt ikje på min bærbare dritt. pc frå Elprice!!, ellers kunne de fått sett antrekket.

Bøker eg les nå

Nå for tida går eg til sengs med " Oldtidens religioner"  Boka er skreve av I. Gilhus og E. Thommasen og tek for seg religionar i midtøsten og middelhavsområdet.

Boka bruker begrep som religion her, der og hvor som helst.
Det vil sei religionsutøvelse i heimen, offentlig og religion knytt til tempel og kongemakt.
Den samanliknar og guddommar i dei ulike landa.

Boka er interessant. men eg må sei eg er glad eg tilhøyrer statskyrkja, for det må ha vore slitsomt å vera religiøs då. Året hadde mange høgtider som skulle feirast . Kvar by hadde sin kalendar med avmerka helligdagar. Det var variasjon frå by til by og område til område. Til dømes hadde Athen ca 100 festar og seremoniar, nokre kunne vare i tre- fire dagar!

Eg velger meg Kybele. Ho var ei førorientalsk gudinne som har eksistert i tusenvis av år i fleire variantar. Ho var store mor "Magna Mater", ei gudenes mor "Meter theon" Ho var ofte i følge med løver (ville dyrs herskerinne) og hadde ein mannlig gud med seg "Attis" Attis vart berre dyrka i samband med Kybele. ho kunne dyrkast åleine. I Roma vart ho feira 4.- 10. april, kalla megalensia.

Dagens kviss:   Kva gud vart Odin/Wotan identifisert med i Roma?

fredag 19. november 2010

dagens kviss

vinnaren av dagens kviss blei Viggo. Gratulere!
Rett svar var Sola kulturhus

liv midt i livet: Magedansfestival

liv midt i livet: Magedansfestival: "I helga skal eg og minstebadnet til Stavanger på magedansfestival. Litla gulle er ivrig magedansar. Me skal på show fredagen. Lordag og sønd..."

Magedansfestival

I helga skal eg og minstebadnet til Stavanger på magedansfestival. Litla gulle er ivrig magedansar. Me skal på show fredagen. Lordag og søndag er det fullt kjør for henne med "workshop"ar.

Litlagullet blei tent av magedans-basilla då ho 4 år gammal var med meg på kurs. Ho har gått på kurs både i Stavanger og Sand. Ho har hatt mange forskjellige instruktørar, norsk og utenlandske. I  2005 dansa  ho på magedansshowet i Stavanger konserthus. Ho har dansa i familieselskap og i vinter var ho med dansegruppa til Bibbi  i Suldal kultuhus.
I sommer opptråtte ho på ein restaurant i Sveti Vlas, Bulgaria, til stor jubel for gjestene:)

 Litla gullet er blitt flink og slangar seg rundt med rørsler, som ein publikummar sa: -det går jo kje an å gjera slikt:)  håpar ho får utbytte av helga.

Og eg, kva skal eg gjera.... jo, eg skal kjøpa de siste julegåvene:)
www.magedansfestival.com

Dagens kviss: kor blir magedansshowet fredagskvelden arrangert?

torsdag 18. november 2010

dagens kviss

Svaret på dagens kviss var :Ask Leander Butler Garmager. Kunne det mest ikkje eg heller. Vinnaren er Liva. Gratulerer! :)

liv midt i livet: Dåpskjole 2010

liv midt i livet: Dåpskjole 2010: " Kan dette bli ein dåpskjole? Bestemorå gjekk optimistisk i gong med stor dåpskjoleplanlegging d..."

Dåpskjole 2010


                                           Kan dette bli ein dåpskjole?

Bestemorå gjekk optimistisk i gong med stor dåpskjoleplanlegging då barnebarnet gjorde sin ankomst. Bøker om dåpsklær blei lånt og nettet gjennomsøkt for informasjon. Knallrød dåpskjole var planen, etter renessansemodell. Men avkommet er litt meir konservativ i kva fargar dåpsbarn kan bruke, så me går for gull:)

Optimismen og engasjementet minka proposjonalt med haugen av silkestoff framfor meg.
Men det er vel berre til å gå i gong.

Kjolen skal brukes i Røros gamle kirke 19 desember. Kirka har vore steng i to år pga oppussing og det er første dåpshelg etter nyopninga:) Då må guten vera fin og;)

Dagens kviss: kva skal dåpsbarnet hete? ;)
Dei som har følgt meg på FB klarer denne:)

onsdag 17. november 2010

liv midt i livet: open blogg

liv midt i livet: open blogg: "ja, nå har det tekniske geniet klart å opne bloggen for kommentarer ;) Syns det var litt få som svarte på kvissen min, men det hadde då sin ..."

open blogg

ja, nå har det tekniske geniet klart å opne bloggen for kommentarer ;)
Syns det var litt få som svarte på kvissen min, men det hadde då sin naturlige forklaring; eg tok ein hake vekk og vips der kan folk kommentere om dei har lyst!:)

dagens kviss

Svaret på kvissen i dag 17 nov er løyst. Første vinterdag er 14 oktober. Tenkte den skulle vere vanskelig for dåkke. Vinterdagen blir vist på primstaven som ein vott.  Eva hadde rett svar:)

barnebarnet

Barnebarn er kjekt å ha:) Eg har venta på eit barnebarn i 10 år. Eg trudde at om eg ikkje sa eit pip til ungane om koss babyar kjem til, så ville eg straks få eit. Men der tok eg feil. Skuleverket har skulda for at eg ikkje blir tippoldemor som 80 åring.

I august kunne eg tilføye den etterlendta status: bestemor! :)  Det måtte ein Haltdaling til ;)

Her ligg han og er tredje generasjon i korga 

Dagens kviss: Kva dato er første vinterdag etter primstaven?

tirsdag 16. november 2010

Svar på dagens spørsmål

Svaret på dagens kviss. Kor mange årshefter har sogelaget gitt ut: 12 stk.
Gratulerer Tord:)

dagens kviss

Ingen har klart dagens kviss. Var den så vanskelig?

Sogelaget :) :)

I dag skal eg på styremøte i sogelaget. Eg sit i styret i Suldal sogelag, andre periode. På dette møtet skal me planlegge neste års aktivitet. Me håpar på å" treffe folk" slik me gjorde på sist møte då Lars Bakka viste eigenprodusert film frå 1975 om Den gamle ferdavegen frå Kvilldal til Bykle.
Folk kom langvegs frå for å sjå :)
Andre populære foredrag dette året: Stadnavn ved Olav Veka og Historiske stauder ved Ole Lima

Årsheftet vårt er alerede klart. Nytt trykkeri leverte tidlig:)


Lordag 20, november har me boklansering på Suldal samfunnhus. Ingvar Olimstad har skreve boka: "Funne det er på Jelsa".
Her har de fått to gode forslag til årets julegaver:) :)



Dagens kviss: Kor mange årshefter har Suldal sogelag gitt ut?

mandag 15. november 2010

mat den 15 november


                             Rømertopf kyllinggryte ein slager frå 70- talet :)



Rømertopt kyllinggryte smakte bedre enn eg huska, eller er eg blitt ei flinkare kokke?!

Dette bildet kom aldri ut på bloggen fordi sida mi var stilt på stillehavstid :(
Men nå han resultatet  beskues sjølv om det d litt datert ;)

Den spede begynnelse

Hei alle saman!
I dag dett eg utpå. Eg er spent på koss dette skal gå. Kanskje ungane vil syns det er greit å veta kva mora finn på slik til daglig ;)

Ein fin dag i dag. Formen kjem seg:)

Eg har rota fram den gamla leirgryta frå 70- talet og skal laga gryterett.
Dagens kviss: Er det nokon der ute som hugsar kva gryta heter??