tirsdag 30. november 2010

Advent

Nå har me gått inn i adventstida. Ventetid. Kva me ventar på er forskjellig, men tilslutt blir det likt for dei fleste her; Me ventar på jula!

Søndag var første søndag i advent, og me har ikkje kome til desember ein gong. Me har fire veker på oss til ettertanke og kos. Men brukar me det slik?

Som regel er desember ein forferdelig månad. Det er månaden då alt skal skje; Julebord, juleavslutningar, gavene skal kjøpast inn, julekort skal skrivast, det skal handlast inn, pyntast og bakast.
Som regel er me heilt utsletne når jula ringes inn. Det er då ikkje slik det skal vera. Kanskje det er på tida å ta adventstida tibake. Det må vel vere ting me kan endre på og likevel få ei  "perfekt" jul?
Gode forslag mottas med takk .

Eg  for min del har kjøpt inn julegåvene for eit par månadar sidan. Dette året har eg pakka dei inn i god tid også. Dei står ferdig sortert i poser, klar til avlevering. Bakdelen med å handle julegåver i oktober er at me får dei ikkje innpakka i julepapir.


Dagens kviss: Er det nokon som veit kor dette julehuset står?  Det e ikkje i Suldal, så denne gongen må me sjå vidare  utover.

DSC00228

10 kommentarer:

  1. Du ser det mellom Haugesund og Aksdal..

    SvarSlett
  2. Hugse ikkje stednavnet - men det e på veien te Haugesund ikkje så langt ifrå den nye rundkjøringa ned te Nedstrand..

    Ha, sjå kor tidlig eg e.;)

    SvarSlett
  3. Ikkje tidlig nok Anne.. ;-)
    Men svaret mitt var visst ikkje heilt godt nok, så eg går for Frakkagjerd (mye fordi det er det einaste stedsnavnet eg husker mellom Haugesund og Aksdal)

    SvarSlett
  4. Jammen var du tidlig,Anne, men som Tord sa ikkje tidlig nok ;) På toppen av det heile må EG grytidlig opp.

    Tord var først i dag og. Eg er ikkje heilt skråsikker sjøl på denne,fordi det er utor mitt revir;) men eg meiner det er Frakkagjerd.

    Dersom det ikkje kjem inn ein heilt nøyaktig plassering av huset i løpet av dagen har Tord vunne med 18 min.

    SvarSlett
  5. Det er frakkagjerd som er nesten riktig :-)

    SvarSlett
  6. Då har hjelpedommaren talt! takk Terje.
    Tord, du har vunne i dag og! Gratulerer, men du begynne å få hard konkurranse nå:)

    SvarSlett
  7. Søren og....Joachim er på vei te Haugesund, og eg har bedt han sjå etter huset og ka plassen hette..... hehe... (vet ke om det er pynta enda , men han vett kor det e...)

    SvarSlett
  8. Bra Anne!:) Det er godt at kvissen engasjerer.
    Dette spørsmålet var egentlig spesiallaga til deg;)

    SvarSlett
  9. ps,håpe du vil bli følger på min blogg og....
    http://annegsvensen.blogspot.com/

    SvarSlett
  10. var innpå i går:) Ser du har blogga før og du:)

    SvarSlett