lørdag 20. november 2010

Bøker eg les nå

Nå for tida går eg til sengs med " Oldtidens religioner"  Boka er skreve av I. Gilhus og E. Thommasen og tek for seg religionar i midtøsten og middelhavsområdet.

Boka bruker begrep som religion her, der og hvor som helst.
Det vil sei religionsutøvelse i heimen, offentlig og religion knytt til tempel og kongemakt.
Den samanliknar og guddommar i dei ulike landa.

Boka er interessant. men eg må sei eg er glad eg tilhøyrer statskyrkja, for det må ha vore slitsomt å vera religiøs då. Året hadde mange høgtider som skulle feirast . Kvar by hadde sin kalendar med avmerka helligdagar. Det var variasjon frå by til by og område til område. Til dømes hadde Athen ca 100 festar og seremoniar, nokre kunne vare i tre- fire dagar!

Eg velger meg Kybele. Ho var ei førorientalsk gudinne som har eksistert i tusenvis av år i fleire variantar. Ho var store mor "Magna Mater", ei gudenes mor "Meter theon" Ho var ofte i følge med løver (ville dyrs herskerinne) og hadde ein mannlig gud med seg "Attis" Attis vart berre dyrka i samband med Kybele. ho kunne dyrkast åleine. I Roma vart ho feira 4.- 10. april, kalla megalensia.

Dagens kviss:   Kva gud vart Odin/Wotan identifisert med i Roma?

4 kommentarer: