søndag 28. november 2010

Det skjer på Sand

Dette var helga då ein måtte halde tunga beint i munnen for å navigere seg gjennom alle arrangement på strandstaden. Helst skulle ein ha klona seg fleire gonger.
Heile helga var fullspekka med stort og smått.

Kulturhuset hadde kinohelg som startar alt tordag.
Fredag kunne 11-13 gå på bedehuset, det kunne og ungdommane. Kinoen viste filmar til seine kvelden og Heidrun hadde kvisskveld.

Lordag  hadde Indremisjonen si årlige julemesse på Sand skule. Det var julemesse på  Jelsa og Kjølvikstølen og.
Klokka 12 opna peparkakebyen, så var det kunstutstillingsopning før ein måtte toge ned i gata for å tenne julegrana. Heidrun serverte julegraut og gløgg, så var det til å springe opp for å sjå meir film.
På ettermiddagen var det T-dans på Heidrun. Så fekk nokon kanskje tid til å handle før dei  sjaina seg opp for å gå på  hotellet og ete lutefisk. Så var  det live musikk på Heidrun.

Og dei som ikkje fekk  nok, kjørte til Osen søndagen og fekk med seg Suldal musikkorps sin julekonsert på Vinjar skule før dei for på bingo på samfunnshuset.

Då seier det seg sjølv at ein sovna god og mett på opplevingar.

Dagens kviss: Kor er "Coca Cola"- nissen uønska?

3 kommentarer:

  1. the librarian bitch28. november 2010 kl. 11:18

    På Jonegarden på Hustveit


    Eit godt forslag jaffall. Du vett eg e ikkje oppdaterte då det berre har sveve kino og peparkaker i håve på meg den siste veka. Men eg plødde gjønå Ryfylke i sengå i dag og las Åshild Marie sin omtale av nissekveld på Jonegarden

    SvarSlett
  2. Nå lese ikkje eg Ryfylke, så eg var ikkje orientert om det.
    Svaret ditt er dessverre feil. Du kjem nok på det når du er i normal modus i håve igjen ;)

    SvarSlett
  3. Me har ein vinnar. Det var litt diskusjon om kva som var rett svar. Men eg har det avgjerande ordet og svaret er tatt frå Suldalsposten sin omtale om nissekveld på Kolbeinstveit. Gratulerer Tord!

    SvarSlett