mandag 22. november 2010

Glad eg bur på Sand

Eg har vore i byen! Byen er Stavanger. Stavanger er staden eg budde i meir enn 20 år.
Så mykje eg har gløymt;  Eg har gløymt bilkøane. Eg har gløymt parkeringsproblema. Eg har gløymt prøveromskøane. Eg har gløymt  handlekøane. Eg har gløymt....

Eg har vore på Kvadrat.
Skulle eit ærend i ein spesiell butikk. Kø på motorveien, Kjøre rundt overr halvtimen for å finne parkeringsplass. Sjokk å komme inn på "Kvaddå". Det var som ein egyptisk basar! Folk overalt.
Totalt utsleten sette eg meg i bilen etter utført ærend og kjører i kø tilbake til byen.

Då kom eg på kvifor eg flytta til Sand, perlå i ryfylke!
Roen, freden og  mangel på køar. Står det to mann og ventar på ledig kasse, syns me det er "svært til køar i dag"
Tenk over det dåkke innante; kor godt og fredelig me har det her.
Og ta julehandelen på Sand!

Dagens kviss: kva tid opnar julegata på Sand?

6 kommentarer:

  1. Denne passa meg godt,Liv. Har og vore på Kvadrat før jul (ikkje i år) Men det var et kav uten like. Folk trava fram og tilbake som det gjalt livet. Var sjeleglad da vi kunne venda nasen heimover til Sand. Støtter sterkt opp om å ta julehandelen på Sand. Marit

    SvarSlett
  2. Takk for kommentaren:)
    Ja, me er priviligerte som bur her. Håpar folk handlar lokalt mens me kan.

    SvarSlett
  3. the librarian bitch22. november 2010 kl. 13:43

    Klokka 4 på lørdag så komme. Men eg har vel feil i dag og. Alltid han RIMI-guten som snike seg føre. Eg har og vore på Kvadrat ein gong føre jul. At det var helvetes forgård e berre førenamnet. Det er jo hett der ein vanlige lørdag jo. Nei, me handle på Sand eller på Jelsa. Joker Jelsa kunne frista med nydelege tulipaner i dag. Eg kjøpte to bukettar :-)

    SvarSlett
  4. grattis du vant! Rimi-guten har nok hatt det for travelti dag.

    SvarSlett
  5. the librarian bitch22. november 2010 kl. 14:19

    Vant eg!!!! Ska sei!!! Glede meg t gevinsten komme på dørå :-)))

    SvarSlett
  6. Je, to rette til nå. nå må du lesa litt på loggen min. Der er et eige innlegg om kviss-svara. førstemann til 20 rette! :)

    SvarSlett