lørdag 27. november 2010

Pepparkakeby-bidrag 2010

www.facebook.com/group.php?gid=308458064746

Kulturhuset i Suldal har store ambisjonar. Dei vil bli store .. like store som kulturen i Bergen.  I alle fall på peparkakeby- sida.  Tradisjonen tru sender dei ut bodstikke med melding til alle om å sette i gong å bake og bygge.
Dei siste dagane har butikkane gått tome for ferdig peparkakedeig og eimen av peparkaker og svidd sukker har lege tung over strandstaden.
I Bergen får dei folk til å strøyme til byen frå områda rundt Bergen sentrum med byggverk. Der klarer ikkje kulturhuset måle seg med den mykje større byen. Innleverte bidrag kjem helst frå strandstaden. Det er synd, for det er mange flotte hus i Erfjord,  på Jelsa, Nes , Osen, halvøynå og Hylsfjorden. Dei skulle absolutt vore plasserte i peparkakebyen på Sand.
Denne eine månaden i året har strandstaden  eigen jarnbane med stasjon og toga går til alle tider. Noko NSB kunne strekkje seg etter. 
I Prestaåsen var det kakling, kos, kaos og knekk.  Dei ferdige produkta kan beskues i Kurturhuset  frå i dag.
Det blir høgtidlig byopning klokka 12.00

Arkitekt: liv midt i livet.
Dekoratørar: Liva, Ida, Siri, Tonje og Andreas
P1010028P1010029
P1010031 P1010030
P1010032 P1010033
P1010034 P1010036
P1010037 P1010035


Dagens kviss:  Kva skjedde i Bergen omtrent på denne tida i fjor?

1 kommentar:

  1. Vinaren er kåra. Gratulerer Tord :)
    Svar :peparkakebyen blei rasert.

    SvarSlett