tirsdag 23. november 2010

Suldal - The treasure chamber




Skattkammeret Suldal.

Eg bur i eit skattkammer. I mange år har Suldal kommune vore ein av landets rikaste. Kommuneplanen var fin og raus. Det vart satsa på oppvekst og kultur.  Men dei som har sett sin fot på ein gard veit at sjølv eit kulturbeite må røktast.

Det var ja til ditt, og ja til datt. Så kom kvardagen tiil Suldal og. Nå er det nei til ditt, og nei til datt.

Denne linken ovenfor viser til ein reklamefilm Suldal har fått laga. Den var sikkert ikkje billig, men kven såg den, og kva var meininga med den? På utube er det kun  litt over 600 treff!

Rådmannen har fått ein tøff jobb, men ho går inn for den med liv og lyst. Sparekniven er kvessa og den skjer gjennom alt.  Spørsmålet er om det er så "slugt". Å ta vekk goder som er brukt for å få småbarnsfamiliar til å flytte til, eller flytte heim att til Suldal er lite klokt med tanke på nyrekruttering. Me treng småbarnsfamiliar i suldal.
Dersom til dømes  barnehagetilbudet ikkje er bedre enn i byane så er det kansje ikkje så forlokkande å flytte hit. Det er på på grunn av gode oppvekstvilkår, kulturtilbud og fin natur mange har flytta hit. Eg trur ikkje småbarnsfamiliane vil vera nøgde med kun fin natur.

Så nå er det opp til politikarane å ta vare på familiane. Me treng dei, for dei skal ta vare på oss og drive samfunnet vårt vidare.

Kulturhuset. det er eit skattkammer. Dei som jobbar der står på og arrangerer smått og stort. Biblioteket er nerva i huset. Å spara på innkjøp av bøker og kulturtilbud  gjer samfunnet vårt fattigare.

La oss håpa at me ikkje vaknar opp neste budsjettår  i eit kammer der skatten er borte!

Dagens kviss: Kven er rådmannn iSuldal?

3 kommentarer:

  1. Og me har ein Vinnar. Gratulerer Viggo. Du kvalifisere til quiz på Heidrun. De starter opp igjen der_)

    SvarSlett
  2. the librarian bitch23. november 2010 kl. 18:11

    Ja den såkalla Suldalsfilmen kan samanliknas med Keisarens nye klær. Kan ikkje forstå kvifor ingen av dei som hadde noko med det den gongen, vågde å setja spørsmål med den vara som blei levert. Berre ei rekke med masse stillbilete som kven som helst kunne sett i hop. Ein mindre oppvakt 7-klassing klarer det betre. Bileta kunne jo vore tekne kor som helst? Takke meg til Suldal Billag-filmen. Den har vel nærmare 37000 treff nå. Ein pub i nord, i Sørreisa, viste videoen på storskjerm sist fredag. Så langt har aldri den påkosta Suldalsfilmen kome.

    Ellers takk for fine ord om kulturhuset og biblioteket :-)

    SvarSlett
  3. Eg syns Suldalsfilmen er sjølve beviset på galskapen i kommunen. Heilt rett; det er keiserens nye klær. synd det blei kasta vekk så mykje pengar før "inkvan" såg at keisaren var naken ;)
    Eg trur billagsfilmen blir kult-video :)

    Kulturhuset får ikkje meir enn dei fortjener. Det er eit kultur- hus. Tenk berre på byen som blir opna på lordag:)

    SvarSlett