torsdag 16. desember 2010

71 grader nord!

71 grader nord er ein populær realityserie av det litt meir tøffare slaget. Turen går frå Lindesnes til Nordkapp. Deltakarane skal kjempe seg fram i vår vakre, men ofte farlige natur. Kvar etappe har oppgdrag og tidsfristar som skal haldast. og det kan til tider blir vel tøft både psykisk og fysisk.

Det er eit interessant program  å sjå, men dette året rykka 71 grader nord nærmare inn på oss. Brått var det nokon som kjende nokon som var med. Sonen til venner av familien hadde kjærasten sin der. Ein følger programmet med andre auger. Det blir det meir spanande å stemme. Kanskje “vår” deltakar kjem høgt opp.

Eg hadde lagt meg tidlig finalekvelden, men det var uråd å få nattero, for der var mor mi,  snart 84 år, på tråden. -Mari til Hans Magne har vunne 71 grader nord. Det var så spanande. Eg måtte berre dele det med deg!

Jammen vant ho!  Det er ei bragd! Og fin bil får ho og. Eg er siker på at no blir ho utnevnt til æresborgar av Sand, om ein slik stilling finns. I alle fall er ho helten til alle bygderane.

-Eg har ikkje ord. Dette kjem til å vere den største opplevelsen i livet mitt. Det er eg  heilt sikker på, seier Mari  Weudum i eit intervju. Mari som altså er frå Øyer om nokon feilaktig skulle tru ho er frå sandsbygda.

Gratulerer, Marit og Ole Ragnar, med Norges tøffaste svigerdotter!

En overlykkelig Mari har fått nøklene til sin nye bil, og bak applauderer samboeren Hans Magne.
Døme på glad  71 grader nord vinnar.  Glad sambuar i bakgrunnen.

Dagens kviss: kva bil vann Mari?

7 kommentarer:

  1. hu vant ein ny bil.. en nissan x-trail.. ;-)

    SvarSlett
  2. the librarian bitch16. desember 2010 kl. 07:40

    Kva slags bil ho vann? Dette er totalt uinteressant. Eg kunne googla, men eg gidde ikkje. Eg får noia av slike ting. T.o.m. Suldal Vekst rope det ut på si side på Facebook. Kva har vel denne serien å gjera med Suldal vekst? Vil dette vera med å setja Suldal på kartet. Spreia merkevara Skattkammeret? Not - spør du meg. Eg kjenne eg blir irritert. Hadde nå jenta vore frå Sand så kunne eg jo skjønt det. Det er med dette som med ei tidlegare Sandsfrue: Ho var litt fin på det, for foreldra hennes hadde hytte med utsikt til kongen sin båt
    Irritert morgonhelsing ... Du veit at eg ikkje ser realityseriar av nokon slag.

    SvarSlett
  3. Men Eva da, det var da voldsomt... Kanskje hu ikkje e sandbu, men hu e SAMEN med ein sandbu - og då blir ho og det litt;)

    Syns det der bra du sprer spørsmåla i alle sjangre Liv, så me alle har lik sjangs å kunne delta... Anette skulle skrive svaret for meg i dag tidleg, men då posta akkurat Tord sitt svar, og sidan han hadde rett så svarte me ikkje idag,,(eg låg å halvsov mens Anette kom stormande inn og ropte ut dagens kviss frå Liv,, hehe -godt me e engasjerte)

    SvarSlett
  4. Anne:Det e bra me holde engasjementet opp:) Ja, må variere litt på spørsmåla. Liva har klaga ser du!

    The librarian bitch. Har suldal vekst skreve? eg e kje venner m di på FB, må sjekke.

    Du huske vel skattkammeret eg laga til utstillinga. Det var nokså tomt. Det må fylles opp på ein måte som ikkje kostar så mykje ;)

    Der fekk du ut litt gruff i dag! Trur eg må skrive fleire slike innleggg;)

    SvarSlett
  5. Dagens vinnar er kåra. Gratulerer Tord! Godt du er tilbake og kan riste litt i tlb. Ho er litt for sikker på å vinne nå.

    SvarSlett
  6. Ja tusen takk for gratulasjoner til oss på Helland.
    Dette var jammen stort. Og så Mor di da, ei utrolig flott kvinne.
    Følge bloggen din ofte, men i dag var det mannen som såg den først.
    Kjekt at du held på med dett!!
    Marit

    SvarSlett
  7. Takk Marit!
    Tenk, lese Ole Ragnar bloggen min, nå blei eg stolt :)

    SvarSlett