lørdag 4. desember 2010

Julepølse



I desse førjulstider fristar det å ta hol på julematen. Når me var ungar var det ikkje snakk om å gjere det. Me åt pinnekjøt ein gong om året, på julafta. Det fordi denne kvelden var spesiell og og skulle vere ulik alle andre dagar. Dermed er pinnekjøtt framleis min favorittmat.
Butikkane bugnar av julemat. Palle på palle med fristelsar. Og eg klarer ikkje halde barndomsheimens skikk med hensyn til måtehald i adventstida. Dette året kan eg skulde på at jula er så kort. Me har alt ete ribbe. Den var saftig og god. Det lukta jul i heimen. 

I dag hadde me julepølse. Julepølse er veldig godt, men eg undrast på navnet. Kvifor heiter det julepølse når dei  ikkje held seg til jul. 

Kvart år er det likt. Julepølsa går ut på dato rundt 2. søndag i advent. Kvifor ikkje kalla den adventspølse?  

Denne julepølsa går ut på dato 13 desember

Dagens kviss: Kva julemiddagen er det"folk  flest" et i Norge?

6 kommentarer:

  1. the librarian bitch4. desember 2010 kl. 08:32

    Eg vett at det er mange som svergar til Grandiosa, men eg trur nå likevel at det er svineribba som folk flest et. Det er nå i allefall den som ligg øverst på statistikken. Men pinnakjøtet sig innpå. Julepølse? Er det denne gråbleike greia som ligg i kjøledisken? Styrer unna den eg ettersom han liknar på medisterpølse og det er jaffall ikkje mat.

    SvarSlett
  2. Ifølge VG.no 8 november 2010, et over halvparten av nordmenn ribbe på julaften, ein tredjedel et pinnekjøt.

    Julepølse, medisterkake, torsk, kveite,kalkun og lutefisk kjem langt bak!

    Her i huset har me 2 rettar, pinnakjøt med tilbehør, samt medisterkake,julepølse med tilbehør.. Eg er vel den einaste i familien som hverken røre pinnakjøtet eller ribba!!

    SvarSlett
  3. Du kan jo kjøpe julepølse når vi kommer litt nermere jul og då.. som har holdbarhet til over julaften.. :-P
    Desverre (eller heldigvis?) har ikkje julepølsene som kommer til butikkene i november så lang holdbarhet at de holder til over jul, men dei fleste butikkane får jo påfyll av julepølse heilt fram til jul.. ;-)

    Eg hadde iallefall vært skeptisk til et ferskt farseprodukt med så lang holdbarhet.. :-P

    SvarSlett
  4. Kjekt med fleire svar på bloggen min :) :)

    The librarian bitch var raskast med rett svar og er dagens vinnar. Gratulerer!
    Ribbe blir ete hjå 56 prosent av befolkningen julekvelden. Helst på austlandet og midt Norge.

    Følg med på søndagens kviss, men ikkje send svar på sms tidlig, takk!
    Kvissen øydelegg min gode morgonsøvn ;:)

    SvarSlett
  5. Kjære Liv... Du treng kje kåra vinnaren så tidlig vett du, sidan det står klokkeslett katid me legge ut kommentarane, så ser du kim så va føst uansett....

    Og, svaret må jo leggast inn her på bloggen, og ikkje på mobil via sms, dette e jo ein bloggkviss, ellle???;)

    SvarSlett
  6. heilt enige Anne! men uansett så så tikke meldingane inn VELDIG tidlig....

    SvarSlett