tirsdag 21. desember 2010

Kakelinna

Kakelinna er eit snodig ord.Det viser til ein periode med tøvær før jul; ein mildværsperiode. Den plar komme rundt Thomasmesse som er 21 desember.

I dag er det 21. desember. Etter gammalt var det denne dagen ein skulle smake på julebrygget. Brygget måtte testes ut på førehand for å sjå om det var drikkandes. Det var og viktig at det ga den virkninga det skulle...

Det var ikkje berre sitt eige ein skulle smake på, men sikkert heile "bear-laget" sitt. Bearlag var dei gardane som feira saman i lystig lag, og i sorg. Då kan ein sjølv tenkje koss det gjekk...
Karane vart gåande garda-langs, innom kvar gard for å skjenke seg, før dei for vidare.
Med tanke på at dette var i kakelinna, mildværsperioden, har det vel vore nokså slitsomt for karane å vasse i høg våt snø med eit utellelig antall  promiller innabords....

Det var ei skam å ha dårleg øl. Ølet måtte ikkje bryggast på minkande måne.  Endå verre var det å ikkje brygga. Då fekk ein bot. For det var påbod å bryggje øl til jul i hine hårde dagar.
Både Gulatingslova og Frostadtingslova omhandlar reglar for julebrygging.

Å bryggje øl er både ein kristen og ein før-kristen tradisjon. Opprinnelig høyrde det til feiringa av vintersolverv. Seinare vart det overtatt av den kristne julefeiringa.

Tradisjonen med brygging av øl til jul varte til utpå 1900- talet.
Fråhaldsrørsla er vel ei viktig årsak til at det tok slutt.

Ølbrygging i Egypt


                                                                   Heimalaga øl



                                                              Julekalender for ølhundar

Dagens kviss: Kva heitte skjenkestova i Trøndelag der "Norge Rundt" var på besøk, og  som hadde så mange ølsorter?


11 kommentarer:

  1. the librarian bitch21. desember 2010 kl. 07:40

    Og så var eit av medlemmene i Astronomers forening mot orddeling på ferde igjen...
    Skorovasmat ... heiter det
    Flisespikkaren er våken

    SvarSlett
  2. Firmanavnet er Skorovasmat AS ja, men i logoen står det Skorovas Mat.. :-P
    Skjenkestova ser forøverig ut til å bare gå under navnet "Skjenkestova i Skorovas"..

    "Ongjen" jer seg kje så lett.. ;-)

    SvarSlett
  3. Trur du ikkje Ringnes og co har meir av skulda for at ølbrygging som så mykje anna i heimen er forsvunne til fordel for ein rask tur innom Coopen eller Rimi? Lervig bryggeri i Stavanger satsar forresten mykje på å utvikle spennande smaksvariantar - det får vere reklamen frå ei som ikkje drikk øl!

    Elles er du veldig flink til å finne artige tema å skrive og ikkje minst spørje om, Liv! Jule-og påskenøtt-Roald Øyen hadde siste arbeidsdag i NRK i går, så du burde melde deg til teneste!

    SvarSlett
  4. I dag gjorde de dettte vanskelig for meg. Svarat mitt var Skorovass skjenkestove- det var kje nokon matbutikk eg var ute etter.... Det skulle vere to ssàr for navnet er skoro-vass , skjønar, etter eit vatn!

    Kin har då rett?
    Tord er innpå det først etter at de har diskutert orddeling. Det ser meir ut som ein svar-problematisering enn eit avgitt svar!!

    Kan leserane gå for dette, eller må me sei Norway zero points?

    SvarSlett
  5. Til Suldalsrypa. Eg er heilt enige med deg i det.
    Dei nye smaksvariantane har eg ikkje prøvd, men går ut frå at Rimiguten blir interessert i å ha eit breidt utvalg:)

    Takk for skrøyt. hehe ja, misunnelige på den jobben hans. Tenk å reisa verda rundt berre for å finne på gåter.

    Takk for du les bloggen!

    SvarSlett
  6. Jeg synes det er morsomt at du tar opp gamle skikker og gammel historie her på bloggen din. Det er en sann fornøyelse å lese den hver dag.

    SvarSlett
  7. Tusen Takk Trond.

    Kjekt å høyre at nokon les dette! Likar og å få tilbakemeldingar om folks erfaringer om det eg skriv, så du er velkommen til det.

    De fleste svarer på kvissene, men eg blir ekstra glad de dagene nåken kjem med egne erfaringer eller historier. :)

    SvarSlett
  8. Skorovas's Skjenkestove eller Skjenkestova i Skorovas blir vel helste det samme då.. :-P

    Men det er kun ein S i stedsnavnet Skorovas / Skorovatn i Namsskogan kommune.. ;-)

    SvarSlett
  9. the librarian bitch21. desember 2010 kl. 13:03

    Eg lener meg berre tebars ... Hadde aldri høyrt om denne skjenkestova ein gong. Norge rundt går eg som regel glipp av fordi då er det taco-produksjonstid. Du får ta ein prat med Damokles.
    Men ventar på ein snarleg oppdatering på koss me ligge an.

    SvarSlett
  10. Då er det ikkje fleire som har meldt seg i diskusjonen, så då går Tord av med dagens seier. Gratulerer!
    Oppdateringa kjem i mårå. Det har beint fram vore for travelt i dag, og i kveld er det julefest på skulen.

    SvarSlett