søndag 26. desember 2010

MarmiteJulegave


Gledelig jul til dykk alle. Eg håpar de har vore gilde og fått besøk av nissen. Det har eg. Eg må ha vore veldig gild, for eg fekk masse fine gåver dette året. Eg fekk visst alt hjarta kan begjære og vel så det....
Til innvortes, til utvortes, til behag, til hygge og nytte! 

Eg treng ikkje gå på biblioteket neste halvår. Men eg må sikkert nokre turar til Ropeid for å lesse av bøker som må ut for å gjere plass til dei nye.

Det særeste av alt må vera gåva eg fekk av datter nummer 2  Ho har vore i det store utlandet dette halvåret og funne ein butikk som selde ei vare eg likar. Eg likar Marmite. Marmite er eit svart  pålegg. I konsistens som nugatti, men det er laga av gjærekstrakt. Det smakar gjær og.

Eg fekk smørskål og smørekniv med marmitelogo. Så fekk eg to marmiteboksar. Så langt var alt greit, men så fekk eg marmitesjokolade.
Marmitefabrikanten sjølv syns nok dette er på kanten, for dei reklamerer med at det er ein " very peculiar milk schocolate" -- ein merksnodige sjokolade;)


Marmitesmørskål


Marmitesjokolade


Posted by Picasa

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch26. desember 2010 kl. 13:18

    Gledeleg jul til deg og! Nissen kom med fine gåver til meg og. Han kom med gåver som var både til hygge og nytte, til å halda hals og øyrer varme og til å få opp temperatur og promille i blodet. Nokre av gåvene kjem og til å leggja til endå eit lag rundt livet... Eg fekk og noko kjekt å sjå på: Toy Story 1,2,3 :-)
    Alt i alt ein kjekk julekveld i lag med badn og gode venninner.
    Onsdag blir det julafta igjen. Då blir det bytur for å klemma litt på smågutane der. Tru om mormor kjem med berre mjuke pakkar?
    Marmite må vel vera like britisk som lemoncurd. Eg trur eg må komma innom og smaka ein dag
    Bøker? Av ein eller annan merksnodig grunn har eg ikkje fått det på mange år. Siste gongen må ha vore i 1977, då fekk eg Dalen Portland. Held forresten på med ei spennande bok nå: Ulvetid av Hilary Mantel. Her er me i Tudor-tida på sitt verste. Heilt sikkert noko for deg.

    SvarSlett
  2. Så kjekt å høyre.
    Heldige deg så får ennå ei julafta med smågutar å klemma på. Eg vant ikkje gutaklemming i år, men det kjem vel juler etter denne.. får me håpe ;)

    Bøker!!! nei kin søren så tore gi deg bøker så har eit heilt bibliotek å ta av...
    Ingen vågar det, men me kan gi det ekstra som skal til for å gi bøkene det ekstra løftet ;)

    Dalen Portland har eg lese to gonger; ein for å komme gjennom og andre gong for å skjøne den.. likte den tilslutt!

    Eg har fått bøker til langt utpå våren, men sett av Ulvetid om det er bibliotekbok. Høyres jysla kjekke ut;)

    Nå kosar eg meg med Emma på Nrk og brønsjrester frå i går.

    SvarSlett