mandag 27. desember 2010

Pusletid



Juletid er pusletid

Eg er veldig glad i puslespel, men som regel strekk ikkje tida mi til slik "vas". Derfor er eg så glad i romjulsdagane. Då skal me ikkje gjera verdsleg arbeid. Alt arbeid skal vera ferdig til 21. desember, ellers kjem Åsgårdsreia og tar oss. 

I romjula skal ein halda helg. Då kan eg endeleg ta fram puslespelet som er innkjøpt i god tid. Av og til klarer eg to. Puslespelet må minimum vere på 1000 bitar. Helst likar eg dei på 2000 bitar, men dei er litt uhamslege å jobbe med.

I år har eg kjøpt inn ei søt jente i rosa med blomar i håret. Kun 1000 bitar. Ofte er bitane annleis enn framsidebildet. Det er store forskjeller i fargane.

Det rare med pusling er at hjernen jobbar utan at ein veit det. Ofte sit eg fast. Ingen bitar ser ut til å passe. Eg sit og studerer puslespelet, så plutselig tar handa mi opp ein bit og set den ned ... og den glir på plass. Eg blir like overraska kvar gong.
 Jula 2009


Jula 2008  Dette bildet sleit eg litt med, for det hadde altfor mange hjørner. Så viste det seg at det var to bilder i eitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar