mandag 31. januar 2011

Ein fugl her og ein fugl der....


Så var den store fugleteljehelga over. Fuglane fauk stressa rundt og skreik akkurat som i eventyr om geitekillingen som kunne telja til 10: "piu piu", nå telle di meg og. Fugleteljaren like forvirra: ein, to, nei den var telt, ein, to tre, søren...  Slik går det når ein ikkje er så veldig interessert i fuglar og ikkje kjenner dei att.

Bestemor mi  hadde kontroll på fuglane sine. Ho visste kor mange ho hadde i hagen også, kven som var standfuglar og ikkje, Ho hadde eit forhold til kvar og ein og visste kva tid dei kom, og kva dei åt. Det ho ikkje visste om dei, var ikkje verdt å vita.

Onkel Tor har og kontroll på fuglane sine. Det kan til tider minna meg om Hitchcock sin "Fuglane" på Trollhammaren ein sommarsdag.  Ja, om vinteren med.  Han har nok telleapparatet i orden.

Eksempel på fuglar som ikkje skal teljast


Var du heldigare med teljinga di enn eg kan du registrere dei du fann på sida eg har link til
nedfor.
Denne tel ikkje 

Her kan du registrere fuglane som frekventerte hagen din i helga:
www.fuglevennen.no

Dagens kviss: Kor lenge har med Norge vore med på fugleteljinga?

4 kommentarer:

  1. Det er fjerde fugleteljeåret i år! Eg er spent på om eg og blir telt med...

    SvarSlett
  2. the librarian bitch31. januar 2011 kl. 09:05

    Sjeldant det er noko å telje i min hage. Dei firføtte syter for å halda reviret sitt reint :-)

    SvarSlett
  3. Det er 4 året på rad at vi er med i Hagefugltellinga som har ei fast helg i året(saman med Sverige, Danmark og Finland), men
    Norsk Ornitologisk Forening har i mange år før det drevet hagefugl telling.
    Når eg sjekker resultatsidene deiras, ligg det resultat frå 1999!!

    Me var forøvrig og med på teljinga, og registrerte oss i Anette sitt navn for ho hadde lyst. Men igår var ho på Gullingen på slalom, og den senile morå gløymde å sjå ut glaset, men heldigvis var det fuglar i treet FØR ho reiste, så me fekk notert nåken iallefall..

    Var ikkje så mange frå Suldal som var med (7-10stk), og den ivrigaste herifrå hadde notert heile 10 forskjellige fuglearter(og me såg berre 3 båe dagane...)

    Kanskje det er nåke med det TLB seie om å halda reviret sitt reint, eg har 3 kattar, så det er med fare for liv og helse dei fjærkledde skunder seg ned i treet for ein matbeta!! Men eg e flink, fore dei heile året, syns egentlig det er kjempekoselig. Nå har eg skifta tre, slik at eg sjå dei får stoveglaset, før måtte eg reise på meg, gå heile 5steg bort te verandadøra for å sjå!!!

    SvarSlett
  4. Suldalsrypå var først med rett svar!
    Du blei nok heilt sikkert telt og ligg inne på statistikken no... om du blei sett.

    Takk Anne for fyldig og interessant innlegg.

    Smart å ha maten ein plass ein ser det. Eg flytta mitt vekk for det blei så mykje skit på terrassen, men det likte ikkje fuglane.Så dei har boikotta meg, eller er det alle hundane i tunet som skremmer?

    SvarSlett