tirsdag 11. januar 2011

Eit liv er over

Det har vore tunge dagar på Hiim den siste veka. Folgemannen på Hiim, Nils, døydde uventa 3. januar. Når eit dødsfall skjer i ei lita bygd rokkar det ved balansen. Eit tomrom oppstår.

Det var spesielt uventa at Nils skulle døy så tidlig.  Han sa alltid til oss at han skulle bli utgammal, for han hadde så gode gener. Det hadde han og. Både foreldra og tantene blei gamle.

Olga og Nils var alltid gjestfrie og i godt humør. Sist eg var i lag med dei var i Olga sin 70 årsdag. Me hadde ein gild kveld med lått og løye, god mat og drikke og mange gode historier. Me såg i albumar frå "gamle dagar", mimra og lo. Då me gjekk frå kvarandre visste me at neste år var det på an igjen. Men slik gjekk det ikkje.

Det gror i fara etter Nils og Olga. Dei har tre ban og seks  barnebarn som gjer at han ikkje blir gløymd.

Nils blei fødd i 1941 som nummer to av tre søsken. Mallin var eldst, så Nils og sist Johan.  Nils vart jordaguten slik det var i den tida. Mora, Margit, kom til Hiim som tenestejente hjå mine besteforelde. Då var vegen kort til bonden over gjerdet. Og ungane på Hiim var glade at Margit ikkje flytte or bygda.

Nils hadde navnet etter sin bestefar som kom fra Galland. Han var dreng på Hiim hjå Orm. Han hadde ei søster, Mallin, som Nils fall for. Året etter gifte dei seg og fekk ta over garden. Nett som i eventyret fekk han prinsessa og heile kongeriket. Slike historier er litt romantiske.

Nils var ein beskjeden mann.  Han for ikkje med store ord, men var alltid blid og hjelpsom.  Var det holer i vegen hima på garden, kom Nils med grus.
Der Nils var i godt lag kom trekkspelet fram. Jonsoknettene på Hiim blei som regel akkompagnert av Nils med feiande valsar.

Nils var glad i heia, men sterk astma gjorde at han hadde problem med å komme seg opp.
Etter at vegen til Hiimsdalen kom og han kunne kjøre opp, var han ofte der. Han kunne fara opp og ned fleire gonger om dagen. Hytta på Slåtthaug restaurerte han. Og når han hadde ein pause kunne me høyre trekkspelet. Då var Nils i sitt ess. Han koste seg med musikken. Det var så fint å sitja på Torgålen og høyre han spele på andre sida av vatnet.

Nå er spelet lagt ned for godt. Fred over minnet!



Nils på besøk hjå meg på Torgålen

1 kommentar: