torsdag 6. januar 2011

Englar dalar ned i sky…..

Englar er kjekt å ha. Me er omgitt av englar seier vår prinsesse. Det trur eg nok… iallefall  har eg ein del av bek-englane i mi nære..

I dag er det dei heilage tre kongars dag og jula er slutt for min del. Dette er den "gamle juledagen".  Nå pakkar eg vekk jula og de fleste av englane mine.

Ein del av dei står att for å halde ein viss orden på heimen. Englane står på badet, i stova og på kjøkkenet. På soverommet har eg Jesus, så då er eg vel trygg.

Eg deler eit utvalg med dykk som les. Eg gløymde å ta bilde av tre fine enlglar eg kjøpte på auksjonen på tunet i fjor. Det er eit minne etter Klara Iversen.

Har de englar i livet, så fortel meg om det.

P1010083
Julekrybba er kjøpt på kilden i 1996  Dei var så dyre eg hadde ikkje råd til  komplett julekrybbe, så eg tok det viktigaste. Dei hellige tre konger skulle eg kjøpe året etter. Men trur de ikkje at neste år var butikken slutta å ta dei inn, ennå dei forsikra meg året før at dei var klassiske. Så mykje for ein butikktilsett sitt æresord.

Så eg har komplettert med ungane si julekrybbe  som dei laga i 4 årsklubben i kyrkja. Eit rektig fint englekor. Treengelen er kjøpt i Moskva i 2006

P1010084
 Her har ungane laga sauer og Asen av tova ull

P1010085
Desse samla eg på gjennom 90- talet. Nokre har tatt turen til himmelen igjen, andre står rundt omkring i stova.

P1010086
Den lange er engelen Rafael og er julegave frå mor for 3 år sidan.   Bakerst står engelen Liva laga i år, og den framfor har eg strikka for to år sidan.  Dei kvite som knelar og ligg er 12 år gamle

P1010087
Desse englane er kjøpt hjå Norem Baade for mange år sidan. Dei var kjempedyre

P1010088
Desse to som står i entreen er nye av året.

Dagens kviss: Kor mange erkeenglar finn det?

7 kommentarer:

  1. the librarian bitch6. januar 2011 kl. 07:35

    Litt delte meiningar om det ser eg, men går for talet 7. Fint bibelsk tal
    Verket The Imperial Bible–Dictionary sier at Mikael er erkeengelen og at det har vært forskjellige oppfatninger om ham: «Enten er han Herren Jesus Kristus, Guds sønn, eller også er han en av de såkalte syv erkeengler.»

    SvarSlett
  2. the librarian bitch6. januar 2011 kl. 07:37

    Litt meir
    Enkelte trosretninger som mener at De deuterokanoniske bøker hører til Bibelens kanon, viser til den deuterokanoniske boken Tobit som nevner «de sju engler som trer fram for Herren i hans herlighet og tjener ham» [3] og mener at disse «sju engler» sikter til erkeengler.

    I jødedommen snakkes det noen ganger om at det er syv erkeengler: Mikael, Gabriel [4], Rafael [5], Uriel. Sariel, Raguel og Remiel.

    Noen kristne samfunn (deriblant Den norske statskirke) mener også at det er flere erkeengler. I den katolske kirkes tradisjon er det fire erkeengler: Mikael, Gabriel, Rafael og Uriel. Den ortodokse kirke snakker man noen ganger om syv erkeengler, og de omfatter i tillegg til disse, Selafiel, Jegudiel og Barakiel.
    I islam snakker man om fire erkeengler, Mikael, Gabriel (arab. Jibril), Izrail og Izrafil. Sistnevnte ses vanligvis på som identisk med Rafael i den kristne tradisjon. Gabriel gav profeten Koranen, Mikael beskyttet israelittene, Izrail er dødens engel og Izrafil skal blåse i hornet på den ytterste dag.
    Den pseudepigrafisk

    SvarSlett
  3. the librarian bitch6. januar 2011 kl. 07:45

    Men har du negerenglar? Eg har 2. Den eine ligg avbilda på fjesboka. Eg har visst eit par englar ståande rundt omkring eg og. Den eine store raude! har "overvintra" utan at det har hjulpe noko særlegt i heimen.
    Ellers så var det vel ein av "småryssen" i Alvdal som var ganske så forskrekka då han song ... engler daler ned i skjul... Han meinte på at det var jo forferdelegt: Så tynnkledde desse englane var og så landa i skjulet! Så trekkfullt så det var og nå midt på vinteren! Då me tenker på at Alvdal gjerne opererer med temperaturar på minus 30 og det som verre er, så skjønar eg jo guten!

    SvarSlett
  4. For seint ute, men eg svare lell.

    Erkeengler. (av erke- og gr. 'sendebud'), høyeste rangklasse av engler . Antallet oppgis til fire, seks eller sju. Den øverste er Mikael, Israels verneengel; andre er Rafael, Gabriel, Uriel. Såvel navnelistene som de enkelte erkeenglers funksjoner varierer sterkt.

    Jeg går for tallet 4 erke engler!
    Sjekk forøvrig denne engleartikkelen:

    http://www.dagbladet.no/2009/11/16/magasinet/religion/kristendom/8983062/

    SvarSlett
  5. Det var ein vanskelig kviss i dag. Dei lærde stridast om dette og dei forskjellige trusretningane har forskjellig tal på erkeenglane.

    Eg har venta at fleire skulle hive seg innpå. Anne er nærmest når hu snakkar om øverste engelen, men så ødelegg hu med å sei 4.

    Eg meiner kildene bestemmer kor mange erkeenglar det er. Og kilden sier 1. Kun 1 sjef!. Erke betyr over, eller øverste. Det er Mikael. Han er nevnt i det nye testamentet to gonger.. Så ingen vinnar i dag... til nå .. Hvis ikkje eg blir dømt som kjettar nå! ;)

    Det er 7 i ortodoks retning og i jødedommen. I vår protestantiske er det kun 1.(nokre retningar opererer med 4) Det er som Anne rett sa Michael. Det er 4 i katolsk og i Islam.

    Interessant artikkel Anne. Ja Sodoma har er jo et begrep i dag og ;)

    TLB Kanskje du skulle la negeren din overvintre. Kanskje det kan gjere underverk.
    Ja, Forstår godt det blei forskrekkelsar i Alvdal. Passerte der på togreisa til Røros. KALD plass!

    SvarSlett
  6. the librarian bitch6. januar 2011 kl. 20:31

    Hugsar ikkje at du kjøpte englar på auksjonen etter Klara! Eg fekk jo og eit minne etter henne. Di salige tante Ragnhild kom jo med originalbiletet av litlehuset mitt :-)
    OK så går me for ein erkeengel. Det seier seg jo sjøl dersom erke betyr den øverste. Skjønar ikkje kvifor dei skal ha så mange. Skulle meste tru at dei var inspirerte av politiske parti og desslike: når dei er i tvende sin og ikkje vett kven dei skal velja. Då blir det første og andre nestleder. Men nå blir det ikkje fleire kvissar vel? Nå har du vel letta hjarta ditt for det meste?

    SvarSlett
  7. Eg trur kvar pave med respekt for seg sjølv måtte endra litt på antalet englar.

    Hugs dei diskuterte også kor mange himlar det var, og enda vel på sju.
    Så diskuterte dei og om kvinnen hadde sjel!!

    Det seie seg sjølv at dei hadde lite å finna på.

    SvarSlett