mandag 3. januar 2011

å stela eit hus

Nyttårsfesten er over, huset rydda og nyttårsdagsroen har senka seg over heimen. Då er det tid for å ta opp tråden på livet igjen. Det kan vere ein god ide å starte med Suldalsposten.  For min del er tråden frå nr 96, den 23. desember.

Det er eit tjukt og godt nummer. Der finn eg ein interessant artikkel om Ungdomshuset i  Kvilldal og metamorfosen det gjennomgjekk.  Eg måtte leite litt for å finne ut kven som var artikkelforfattaren. Det viste seg å vere Johannes Vårvik som fortalde etter si bestemor.

Kvilldal fekk eit stort og fint ungdomslag i 1922  Det var bygd på dugnad av ungdommane. Den dugnaden var meir enn dagens dugnad. Dei hogg trea, skar materialet og sette opp huset.

Så kom den store vekkelsen til bygda. Dei frelste hadde ingen stad å møtast. Ungdomshuset var frilynt og kunne ikkje brukast. Det enklaste, meinte dei, var å omgjere ungdomshuset til bedehus. Det vart isfront mellom dei frelste og dei verdslege.

I 1934 var det vekkelsesmøte på ungdomshuset. Dei to omreisande emmiserane bestemte der og då at dei skulle ha avstemming om denne saka. Dette utan at det var meldt på førehand. Heller ikkje vart det tatt omsyn til ungdomslaget sine statutter.  Ved håndsopprekking vart ungdomslaget  dømt til døden, sakspapira vart brende og ut av oska reiste bedehuset seg som ein fugl Fønix.

Med tanke på historiene i bibelen er det vel ikkje så rart at det gjekk slik, for det står at den som har lite skal miste det litle han har. Tenk på husmannen som mista den einaste sauen han hadde når storbonden skulle ha fest.

Suldalsposten trykte ein interessant artikkel om det å ta seg til rette i Guds navn.

Døme på gammalt hus med, om ikkje lik i lasta, så med ånden svevende over toka.

Dagens kviss: Kva skjedde med ungdomslagsarbeidet og skyttarlaget i Kvilldal?

6 kommentarer:

  1. the librarian bitch3. januar 2011 kl. 08:38

    For å seia det enkelt: Det daua vekk

    Eg skumleste berre artikkelen. Får nok ta han opp att. Men eg blei jo øvegidde over at det var slik det føregjekk i den kverven. Det hender så mykje der. Du hugsar vel kva eit ståande samleie kan før atil?

    SvarSlett
  2. Heilt rett. Alt ungdomsarbeid blei lagt ned for dei fekk ikkje bruke bedehuset til aktivitetene sine.
    Ja det må vel føre til dans det ;)

    SvarSlett
  3. the librarian bitch3. januar 2011 kl. 13:22

    Du får gi deg sjølv eit poeng i dag :-)
    Og fru Svensen har ikkje stått opp ennå?

    SvarSlett
  4. Fru Svensen har vore i Haugesund i dag, og kom heim med 1830 ferja...

    Uffetu, koss ska detta gå?
    Håpe du fortsette med ny kviss Liv, når 20 poeng er oppnådd

    SvarSlett
  5. Ja, det blei kvissfortsettelse. Litt før enn eg hadde tenkt. Det sitter i ryggmargen nå og spørmålet var lagt ut uten at eg var bevisst ;)

    SvarSlett
  6. Kvilldal Ungdomslag var aldri medlem i Rogaland UL og vidare i Noregs Ungdomslag.

    SvarSlett