onsdag 26. januar 2011

støype bruer og kommunar



Diskusjonen går om kommunesamanslåing. Ordføraren vår har nok lyst å styre ein stor kommune sidan Saudaordføraren snart vil pensjonere seg. Telemarksforskning meinar det er kroner å spare på samanslåing.  Millionar av kroner. Dei foreslår at Suldal går i lag med Sauda, Vindafjord og Etne. Då er det jammen synd at ordføraren har plassert brua si langt ute or leia.

Den tida brusaka var oppe, var det fleire røyster som sa at bruplassering og eventuell kommunesamanslåing måtte sjåast i samanheng.  Men inkvan var for annige.
Så nå skal me få same slag bru som dei har fått i Hardanger: Ei bru langt ut av leia. Hardanger har fire mogligheitar gjennom Hardanger. Vegen via  brua som  dei venta på i snart 30 år, tek lengst tid. 
Suldalsposten tømer kaldt vatn i kommunekalkulatoren. Dei pengane kommunen er  førespegla å spare, tek Tom Hetland  i Stavanger aftenblad frå dei.  Han viser til at alle dei store effektiviseringreformene som er gjennomført  i NAV, sjukehus og politi, har ført til dyrare drift.

Ordførarane i indre Ryfylke er samde i at dei ikkje skal la seg styre av kalkulatoren åleine. Men når målet med samanslåing er å spare pengar, er det vanskelig å tru.  Det me kan håpe på er at dei har den rette kalkulatoren med seg.

I gamle dagar gjekk eg på handelskule. Der lærte me noko om inntening. Ein kan effektivisere og spare inntil eit visst nivå, deretter vil gevinsten krympe, eller ein vil tape pengar.

Dei store reformene har ikkje gitt forventa gevinst. Korleis kan me tru  at  dette vil gi gevinst, når dei  som har vedtatt dei førre reformene og ikkje har lært, er dei same folka skal vedta dette?

Litt repetering :
"Dekningsgraden forteller oss hvor stor del av salgsinntektene som blir igjen til dekning av faste kostnader og eventuell fortjeneste eller overskudd."


DG=\frac{\mbox{Dekningsbidrag pr.enhet} * 100\%\,}{\mbox{Salgspris pr. enhet}}


     Salgspris p.r. enhet
   - Variable enhetskostnader
   = Dekningsbidrag p.r. enhet

     Total salgsinntekt
   - Variable kostnader
   = Samlet dekningsbidrag






Dagens kviss: Kva meinar ordføraren i Vindafjord er viktig for vellykka kommunesamanslåing?




8 kommentarer:

  1. Ordføraren i Vindafjord meiner i alle fall at ein bør bruka god tid - kva no det er?

    Eg er såpass gammal at eg hugsar litt av domen rundt den forrige kommunesamanslåinga: Tenk å måtta vera saman med suldølingar, erfjordbuar og strandsitjarane på Jelsa! Far min fortalde at i hans ungdom var det risikabelt å reisa på dans i Suldal, for ikkje å snakka om når suldølingane kom til Sand.

    Om brua er der ho burde vera, kan absolutt diskuterast - dei som bestemmer synest den diskusjonen alt er teken. Så ein del protestar er vel i seinaste laget? Eller?
    Sjølv synest eg ein burde leita fram at eit glimrande forslag som stod i Suldalsposten nokre år tilbake: Gjennomsiktig tunell under vatn mellom Sand og Ropeid. Det hadde blitt ein attraksjon. Eg fann ganske raskt ut at eg hadde gått på ein aprilsnarr, men likevel: Ideen er glimrande!

    SvarSlett
  2. Hehe, ja, kva som er god tid... alt er relativt, så la oss håpe det er ut vår tid.

    Far min hadde liknande erfaringar frå oppveksten. Som bygdar kom han i slagsmål om han kom til Suldal, men også til Sand. Sand som han høyrde til rekna han ikkje som Sandbu. Så kom du ovante brunå måtte du rekna med juling.

    Så kommunesammanslåinga har spart mange slag ;)

    SvarSlett
  3. Eg trudde denne kvissen hadde fått rett svar eg, så eg har ikkje jobba meir med det, men les nå at du skriv i dag at ingen hadde rett , så då får meg leita og rota litt etter svar ;)

    SvarSlett
  4. the librarian bitch27. januar 2011 kl. 09:59

    Og eg har ikkje handelsskulen .....

    SvarSlett
  5. TLB du trenge ikkje handelskule for å svare på kvissen, kun Suldalsposten!!! :)

    SvarSlett
  6. til orientering; Vindafjordordføraren meinte noko anna enn svaret til Suldalsrypå.

    Så ingen har gitt rett svar

    SvarSlett
  7. Vindafjord ordføreren meiner at visjon er viktigaste.Må ha ein klar visjon som har gehør hjå folket. Marit

    SvarSlett