tirsdag 15. februar 2011

Brubyggjarar


Me skal få ei bru 
der ingen kunne tru 
at nokon ville bu.

 Dette er den omdiskuterte brua som me ikkje veit kven som vil ha. Den er vedtatt i kommunedelplanen i 2005  Den har vore diskutert rundt om kring der folk treffest.  Dei fleste eg snakkar med kan ikkje minnast at dei hadde ønska seg bru. Og om dei hadde ønska det skulle den vore lenger inn i fjorden.

Kvifor i all verda vil me ha bru inne i fjorden, når me kan få den langt ut mot byen? Jo, det heng saman med at Suldal og Sauda har nære relasjonar. Me går på skule, arbeider og handlar i kvarandre sin kommune. Då hadde det vore greit at me ikkje fekk så lange omvegar for å komme oss fram. Tenkjer  me kommunesamanslåinga som kjem til å presse seg fram, ja, då er me heilt på bærtur.
Den tida ferja gjekk døgnet rundt var det ingen som ønska seg bru. Det me treng er ferjer som går når me er ute og reiser.

Nå viser det seg at det er ingen som vil byggje denne brua heller. Vegvesenet har utlyst stillinga utan å få kvalifisert napp. Det seiest at ingen som kan byggje bru vil bu her. Det er vel ikkje så rart det. Kven av urbane brubyggjarar vil bu ein stad vegen går utanom.

Denne brubyggjaren må ha evne til å byggje meir enn fysiske bruer. Han må kunne byggje bruer mellom folk med ulike meiningar om brubyggjing.  Den personen veks nok ikkje på trær.

Eg foreslår at Vegvesenet nyttar seg av Suldal vekst til å tilsette brubyggjaren. Dei er saltandes gode på raske tilsettingar.

Her er brua ingen vil byggje

Dagens kviss: Kva type bru er det som skal byggjast her?

7 kommentarer:

  1. Brua som ska ligge der ingen vil han skal ligge, er ei fritt frambygg bru(spennarmert betongbjelkebru)

    SvarSlett
  2. ps, kvifor har ingen av innbyggjarane nytta denna?
    "Kommunestyret eller fylkestinget plikter selv å ta stilling til et forslag som gjelder kommunens eller fylkeskommunens virksomhet, dersom minst 2 prosent av innbyggerne, alternativt 300 i kommunen eller 500 i fylket, står bak forslaget."


    http://www.regjeringen.no/nb/dep/krd/dok/veiledninger_brosjyrer/2004/publikasjonsnummer-h-2149.html?id=272454

    SvarSlett
  3. Trur alle blir glad når brua først er på plass, og vegane til blir betre. Les i avisa at om noen år kjører vi på 1 time til STavanger. Mykje tuneller, men det er bra på vinteren. Marit.
    Ps Gode venner trur eg og folk forblir!

    SvarSlett
  4. Heilt rett Anne, Det er ei fritt fram bru! Gratulerer.
    Det var spørsmål om dette, Anne. Folk ville ha folkeavstemming, men blei "nedstemt" :(

    Enig Marit, det kjem til å gå fort til byen og det er bra. Men då må di ikkje masa om at suldal skal evt slå seg saman m Sauda, Vindafjord og eller Etne.
    Me skulle helst berre hatt tunellar ;)

    SvarSlett
  5. Anne, nå har eg lagt koblingen din på bloggen etter bildet og før kvissen.

    SvarSlett
  6. the librarian bitch15. februar 2011 kl. 11:36

    Hadde me nå ennå fått Jøsenfast og eit tunnellinnslag frå Kilane og tvers igjennom til Jøsenfjorden. Det hadde vært greier.
    Og sjølvsagt høgfartstog over/gjennom Haukeli

    SvarSlett