mandag 28. februar 2011

Doggybag

Eg har vore på Kulp og fått med meg ein doggybag.  Doggybag er eit engelsk ord som det blir heilt feil å oversette. Doggybag er den maten ein ikkje klarer å ete opp og som ein får med heim for å ete seinare.  Overset ein dette med hundepose får det liksom ikkje same klangen.

Vanligvis er det heilt unødvendig å be om doggybag i Noreg, fordi ein ikkje blir mettare enn at ein et opp alt på staden. Men går ein på Kulp får ein mat både for augene og magen. Maten er eit syn.

Me får maten i ein svart boks og går heim. Så, når maten skal etast ut på kvelden og boksen opnast blir ein varm om hjarta. For på innsida av loket er det ein personlig helsing med ynskje om ei god helg. Kan det bli betre på ein laurdagskveld?



Her har eg fått meg hamburger. Eg som vanligvis ikkje likar hamburger, nytte denne.



Sjå her. Slik går det an å gleda folk



Liva si helsing
Sida til Kulp:

Dagens kviss: I kva land er det uhøflig å be om doggybag?

8 kommentarer:

  1. the librarian bitch28. februar 2011 kl. 11:13

    Eg vett ikkje kor det kan vera forbudt, men dersom du er i Saudi-Arabia og sikkert i andre muslimske land, så ber du ikkje om ein doggybag.
    http://americanbedu.com/2009/10/16/are-there-doggy-bags-in-saudi-arabia/

    SvarSlett
  2. Eg vil nå berre sei atte det e så kjekt å lesa bloggen din ! Dessutan va det kjekt å lesa om deg i javiså óg !

    Go, girl, - så me seie på filmspråket ! :)

    Vårhelsing frå Guro i Asker

    SvarSlett
  3. Trur det må vera her i Norge. Eg ville kjendt meg uhøflig dersom eg bad om å få resten med meg heim til seinare. Litt betre dersom det var til hunden, men vi gjer ikkje det heller. Marit

    SvarSlett
  4. TLB eg spurte ikkje om forbud, men *uhøflig*. Men eg ville nok heller ikkje spurt etter doggybag i Saudi.

    Takk Guro i Asker:)

    Eg er enig med deg, Marit, føle kje heilt for å be om mat med heim. Men på Kulp er du nødd til det har du ungane med, og ikkje blir me uglesidde heller ;)

    Ikkje rett svar ennå. Tips, kva land er kjent for sære kelnere?

    SvarSlett
  5. Kanskje Frankrike? Der har eg aldri vore. Er viktig med stjerner der iallfall! Marit

    SvarSlett
  6. Heilt rett, Marit! Gratulerer, du er dagens vinnar:)

    SvarSlett
  7. Oi!! Heilt fantastisk! Kveldens opptur. Marit

    SvarSlett
  8. Everуthing iѕ very open wіth a ρrecise
    explanatіon of the chаllengеѕ.
    It waѕ truly informatіve. Yоur ѕite iѕ
    еxtremely helpful. Μany thankѕ fοr sharing!


    my wеblog - Arjun Kanuri

    SvarSlett