søndag 20. februar 2011

Ingen nasjonaldag utan musikk

Kva er 17. mai utan flagg, bunad, tog og korpsmusikk? Dei som har nokon år på baken hugsar vel sist det var taust i toget.  Eg budde i Stavanger i dei tider,men meinar å hugsa at Sand måtte importere musikk frå Marvik. Det vart ein vekkjar og interessa for korpset tok seg opp att.

Nå er det nede i ein bølgedag igjen. På Nes har dei ikkje korps. Sand, Jelsa og Marvik har omlag 10 musikkantar kvar.  Det er ikkje så mykje å skryte av.  Alle vil ha korpsmusikk, men ingen vil spela. Då hjelper det lite at alle støttar korpset gjennom grasrotmidlar om ingen vil spele.

Det er som korpsgeneralen seier; for mange aktivitetar som fristar. Det er sant, og korps tek mykje tid. Tid som ungane vil bruke på andre aktivitetar. Ungane kan gå på to -tre aktiviterar kvar dag. Då er det klart at det blir vanskelig. Det er flott at det er mangfold, men me har for få ungar å dele aktivitetane på. Så slutt med barselspause. Fortsett med babyboomen, så me kan rekruttere fleire korpsmedlemmer på sikt.

Eg har og ei fortid som aspirant. dessverre blei det ei heller kort karriere. Eg fekk utdelt eit althorn og skala til å øve på. Men det kom ikkje anna enn eit pip i ny og ned or alten. Det var ein nedtur, og draumen om å spela så folk gret mens eg marsjerte så fjong i fin uniform rann vekk. Så det er ikkje alltid at ungar ikkje vil. Det kan også vere dei ikkje kan...

La oss håpe at korps blir kult igjen slik at me kan gå i tog og  synge som best me kan til tonefølge. Fram for ein musikkfullt nasjonaldag!

Her går vi små en alen lange...


Korpset i jubileumsåret, frå jubileumskonserten i November. Foto: Suldalsposten
Desse flotte musikkantane gjer nasjonaldagen til ein fest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar