fredag 4. februar 2011

Kor er Sniff?

Statens vegvesen har anmeldt skadeverk på venterommet sitt på Jelsa.  Det er ikkje første gongen dette har skjedd, men no har dei funne plastposar på staden... av type sniffepose.

Statens vegvesen er så oppgitt over hærverket at dei kjem til å stenge venterommet.  Då er den saka over for dei. Men kva med dei som ventar? Skal dei stå å fryse? Venterom over heile Noreg må stengast om ein skal følge standarden til vegvesenet.

Kva så med sniffeposane? Politiet kan ikkje konkludere med at nokon har sniffa der. Så klart, dei er ikkje synske, men me kan tenkje oss til kva som har skjedd.

Desse plastposane uroar barnevernsleiaren. Han har ikkje fått konkrete bekymringsmeldingar om dette.  Han vil kontakta skulen og foreldreutvalet på Jelsa for å be dei vere merksame.

Dette er eit problem som ikkje eksisterer, ifølge rådmannen i Suldal. Dette uttala ho når SLT- koordinatorstillinga var oppe til vurdering. Så, desse posane skulle i hennar verden ikkje eksistert. Heldigvis har me vakne og ansvarlige politikarar i Suldal som gjekk i mot strustepolitikken og stemte for å få denne stillinga.

Kvar er så koordinatoren blitt av? Har nokon høyrdt gjete han i ettertid?  Funnet av sniffeposane gjer det klart at denne personen skulle vore i arbeid " i går".  Hadde koordinatoren vore i arbeid, hadde han vore ute i felten og fanga opp slike ting.

Koordinatoren i Vindafjord og Etne har vore i arbeid ei tid og på få månadar hadde han mange navn på "rødlista" si. Desse unge kan komme seg ut or dette mens det ennå er ein leik.

Koordinatorstillinga er på trappene får me høyre. men jammen er det ei lang trapp.


Detektiv Sniff på leit etter snifferar

Her er ein link til beskriving av kva SLT koordinatorarbeidet består i:
www.krad.no/slt/koordinatorene

Dagens kviss:  Kva blir sniffa i plastposar?

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch4. februar 2011 kl. 08:49

    Ein slags drivgass. I gamle dagar sniffa me sykkellim :-/

    Burde vore i aviså innlegget ditt i dag og :-)

    SvarSlett
  2. Produkter som inneholder løsemidler og aerosoler(spraygass)..

    Ja, kor blei det av Sniffi??? Syns rådmannen var arrogant i denne saka som påstod at dette ikkje er eit problem i Suldal kommune, shame on you!!
    Kanskje ho trur det forsvinn dersom me ikkje snakkar om det?(akkurat som rekningar forsvinn hvis me legg dei i ein skuff (iflg. Luksusfellen er det visst fleire som trur dette ;)))
    Var inne på Suldal Kommune sine nettsider og leita er Sniffi - og det nyaste eg fann var dok. frå Sauda kommune at det skulle inngås samarbeid mellom sauda og Suldal ang. SLT koordinator - og dette var frå september 2010!!

    SvarSlett
  3. Jepp. TLB var tidligast ut.

    Hehe,TLB, eg er i det politiske lunet for tida ;) Det går vel øve, men akkurat nå var det ein del ting i verdå, så eg måtte ha ut!

    Anne, det seiest at TTT. ( ting tar tid) Men ein slik stilling som det viser seg er nødvendig burde vore i virksomhet. Den er ikkje utlyst eingong.

    Me skulle fått Suldal vekst til å ordne stillinga. Dei er jysla effektive... vips så har di folk i stillingene.. før di er utlyst! :)

    SvarSlett
  4. the librarian bitch4. februar 2011 kl. 11:36

    vips .... så er di utlyst .... fine :-)

    SvarSlett