tirsdag 1. februar 2011

Å sy gamle klær

 Nå har eg gjort det igjen. Eg har sett i gong med eit prosjekt som er heilt på kanten av min kapasitet.  Det er eigentleg  Rikke si skuld.

Me var på strikkekafe i vår. Der fortalde dei om kurset som skulle starte i Stavanger: Gamle drakter frå Ryfylke. Rikke blei forelska i den trøya som høyrde til. Den passet akkurat til  hennes "den lille sorte".

Så det blei kurs, men det har alltid ein tendens til å balle på seg. Nå set eg med planar om heil drakt. Bunaden er rekonstruert  etter plagg frå perioden 1750 - 1850
Dette var før symaskina si tid, så alt er håndsaum.

Dei sydde annleis og i gamle dag. Det er stadig prøving. Først av for , så av stoff. Så skal delene sys saman,  For og stoff pikeres saman. ( kjempestore tråklesting)   Så tråkles det innbrett på foret, så på stoffet, før dei til sist blir tråkla saman. Så sys ryggstykka saman.

Har de dotte av? Ikkje så rart det. Det gjorde eg og i starten. I alle fall, det er mykje tråkling.  Men, resultatet blir ein flott drakt frå 1800- talet



P1010005

 Ein haug med stoff. Ikkje så lovande

P1010006
Her er ryggstykka klipte ut. Eg har pikert dei saman og byrja å tråkle inn for-kanten. 


P1010007
Her ser de halskanten ferdig tråkla, for og stoff saman 


P1010008
(Dette bildet skulle stått som nummer 2, men teknikken svikta.) Stoffet er klipt større enn foret.

 Slik skal den sjå ut tilslutt


Denne stakken vil eg lage etterpå

Dagens kviss: Kven er det som har slik bunad på Sand?

For spesielt interessert er det ein link til bunadmagasinet.

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch1. februar 2011 kl. 08:45

    Grete Holmboe har vett eg
    Enig med Rikke at trøya vil høva godt til "den lille sorte". Eg skjønar godt at det skal mykje tråkling til for at det skal bli fint, men at ikkje saumar som t.d sidesaumar og slike som ikkje synast, ikkje kan syast på maskin? Greit å laga seg arbeid, men treng nå ikkje overdriva :-)

    SvarSlett
  2. Eg kom på Sigfrid(?) Ritland(ho som har folkedans med ungane), men ser TLB seier eit anna navn...

    SvarSlett
  3. Grete holmboe er rett svar. TLB velkommen tilbake til kvissen!!

    Di sa på kurset at symaskinen var ikkje oppfunnen på 1700- talet, så då hjelpe det ikkje å argumentere for usynlige saumar. Men når du får studere trøya, så ser du at det er ikkje sydd saman på ein måte som me kan bruke symaskin. Verda var annleis før symaskina si inntog

    SvarSlett
  4. Hvordan er det med bunaden? Tenker det samme:)

    SvarSlett