onsdag 23. februar 2011

UKM Suldal

Så er ungdommens kulturmønstring ferdig i Suldal. Det var 14 unge påmelde til scenen og 2  til biletkunst.  Me fekk oppleve song, musikk og dans fint levert frå ungdommar frå 13 til 20 år. Frå Hjelmeland skulle ein gå vidare og frå Suldal skulle to gå vidare. Kulturmønstringa er på tre nivå: kommune-, fylke- og landsmønstring.  Landsmønstringa er i mai eller juni i Trondheim.

Juryen hadde ein hard jobb med å velge ut deltakarane og resultatet kom først på nettsida til UKM seint på kvelden.  Geir Magne Staurland skal representere Hjelmeland og Anne Marie Nielsen og Henriette Løndalen skal representere Suldal. Lise Østebø sitt kunstverk skal også vidare. Me må alle ynskje tvi tvi til desse representantane.

Dette er ingen konkurranse i vanlig forstand. Dei som blir valde til neste nivå skal representere kommunen. Mønstringa er i samarbeid med COOP. Det blir utdelt stipend og dei unge får ei erfaring med å stå på ei scene, eller stille ut i eit galleri. Dette er ein fin anledning for uorganisert ungdom å vise seg fram.

Magedansaren Liva Rakel var med for første gong




Lenkje til UKM:
http://ukm.no/index.php?side=7318

Dagens kviss:  Kven var programleiar i Suldal UKM ?

7 kommentarer:

  1. the librarian bitch23. februar 2011 kl. 07:42

    Hu oppante Suldalsosen, komme ikkje på ka hu hete. Er det dotter til Klara Holmestad tru?
    God morgon forresten :-)

    SvarSlett
  2. Flott magedansarinne! Alt dei har i Suldal!

    SvarSlett
  3. God morgon, damer!
    Ikkje godt nok svar, tlb ;) Nå nå du hosta opp svaret ellers slår Anne deg ned i støvlane..
    JA, alt de har i suldal.:)

    SvarSlett
  4. Sidan eg ikkje var der sjølv, måtte eg ty til eksperthjelp frå kulturkontoret!

    Kari Steine svarer eg, og takk for hjelpa Erik W. Vold!!

    SvarSlett
  5. Du vann jammen i dag og du, Anne! Gratulerer! Nå er det to rette igjen så har du vunne heile kvissen:)

    SvarSlett
  6. Kjekk blogg du har:-)) Er stolt mor til ei av dei som gjekk vidare. Skal bli spanande....

    SvarSlett
  7. Gratulerer Mamsen.Eg skal følge med.
    Tvi tvi!

    SvarSlett