onsdag 23. mars 2011

å eiga ein by

Som tidlegare skreve har route 66 i Amerika gått frå å vere ein gløymd veg gjennom gløymde byar til å bli ein turistattraksjon. Men byane sleit lenge. Det gjekk så langt at ein by la seg ut på e-bay for sal. Den vart seld for 425 000§. Byen vart kjøpt av ein junkfoodmillionær som nå har sin eigen by med innbyggjarar.
Det minner meg om Canada og spøkelsesbyane der. Dei ligg på rad og rekkje på den Canadiske prærien.

På denne prærien eigde me ein halv by. Ikkje eg då, men min, i den tida betre halvdel, eigde den halve byen.  Han skulle bli farmar på prærien, og starta med å kjøpe seg inn i Schackleton.

Eg var med til Schackleton første gong i 1993  Me kom fire stykk, då auka innbyggjartalet med 50 %. Dei var ni fastbuande, og ein del rådyr og coyotar som ulte om nettene.

 Schackleton har namnet sitt til minne om Ernst Schackleton, sydpolsfararen, som var med Scott på hans første ekspedisjon til arktisk. Seinare hadde han sin eigen ekspedisjon dit. Alle gatene i byen hadde namn etter polfararar, som Amundsen og Nansen.

I  byens beste tid var det to bankar, highschool med symjebasseng, kafear, post, butikk og kornsiloar. Då me var der var den tida forlengst forbi. Då var det kun eit skur som var postkontor der ein kunne låse seg inn og hente posten sin i sin postboks.  Og ingenting anna.

Schackleton er nå på Canadas "Ghost town" liste.  For å kvalifisere til å bli spøkelsesby må byane vera strippa for dei fleste fasiliteter.  Dei siste åra har hovedvegen forbi Schacketon vore så dårleg at ein kunne kjøpe klistremerke til å sette på bilen der det stor:  Eg overlevde riksveg 32!

For å komme til denne eigendommen fauk me til Calgary, så  køyrde  me køyre i 8 timar på aude vegar frå Alberta til Saskatchewan.


Me køyrde langt....


In the Prairies - Saskatoon, Saskatchewan
.. og lenger...


Der ser me skiltet iallefall..


Der ligg byen Schackleton!


Det brune huset midt i bildet med omliggande kvartal var vårt.



Nokre gateskilt heng framleis oppe.





Her svingar gliset ut på byens hovedveg. "Estaten" ligg bak hekken.


Shackleton Saskatchewan Ghost Town
Schackelton bensinstasjon


Title: Ghost TownCanon EOS 1Ds Mark III
Slike kornsiloar var det overalt i småbyane på Prærien.


 Head and shoulders of a dark-haired man looking directly to camers. The straps of a harness over his shoulders are visible.
Sir Ernest Schackleton


Dagens kviss: Kor er Sir Schackleton gravlagd?



7 kommentarer:

  1. the librarian bitch23. mars 2011 kl. 09:45

    I dag er eg flisespikkar. Det rette namnet er Grytviken og for dei som trur at det er ein plass på Mørekysten, så trur dei feil.
    Grytviken ligger på øya Sør-Georgia i det sørlige Atlanterhavet. Grytviken ble grunnlagt 16. november 1904 av den norske kapteinen Carl Anton Larsen som en hvalstasjon for Compañía Argentina de Pesca (Argentinas fiskekompani). Grytviken ble satt opp med argentinsk kapital, på britisk jord, med norske materialer og norsk ekspertise. Grytviken ble raskt en stor suksess og i den første fangstsessongen slaktet man 195 hvaler.
    Grytviken var i over 50 år en base for industriell hvalfangst. Beskatningen av hvalbestanden var større enn hva som var forsvarlig, og etter hvert som årene gikk ble fangsten stadig mindre. Grytviken ble forlatt i desember 1965. Rester etter hvalfangsten med hvalbein, produksjonsutstyr og hvalskuter ligger fremdeles i strandkanten.
    Det ligger en forskningsstasjon en km fra Grytviken i King Edward Point.
    Dette og meir til kan du t.d. lesa på Wikipedia

    SvarSlett
  2. the librarian bitch23. mars 2011 kl. 09:48

    Ghosttowns! Minner meg om at eg har ei ganske så tjukk bok liggande i heimen som heiter "Ghosttowns of the west" Fekk m.a den boka av ein advokat som budde i L.A. for nokre år sidan.

    SvarSlett
  3. Han døde av hjerteinfarkt i Grytviken på Sør-georgia under sin 4. ekspedisjon til Antarktis. Han døde 5. Januar 1922. Han ble gravlagt der etter ønske fra hans kone.

    SvarSlett
  4. Dette er vel slik Sand kjem til å verta når brua kjem på plass...

    Då syns eg me skal dela på dagens poeng the librarian bitch... Får høyra ka dommaren seie...

    SvarSlett
  5. Eg har gått nokre rundar i dommarboksen i dag. Grytvik var noko upresist. Grytvik gir to treff i Sverige, så eg må nok la seieren gå til den flisespikkande librarian bitch. Det var ein fyldig utredning og heilt korrekt. Gratulerer!

    Det løgne oppi denne gravferda var at den vart lang. Schackleton blei balsamert og skipa til England. Vel framme sa fruen, Lady Schackleton, at de berre kunne ta han med seg og begrave han i hans kjære Arktisk.

    Så vart han skipa tilbake og gravlagd på den NORSKE kyrkjegarden i Grytviken.

    SvarSlett
  6. TLB, må få låne den boka di..please:)

    SvarSlett