fredag 18. mars 2011

Fem på tolv psykose

Eg har vore på teater. Ikkje at det er ein sensasjon. Det hender eg er innom eit teater. Men eg har vore på døveteater. Det er heller ikkje nokon sensasjon, for det har eg ofte vore. Men dette var eit knakandes godt stykke. Og eg må dele det med dykk.

Stykket heiter " Tolv på fem psykose" og er skreve av Sarah Kane. (4:48 Psychosis) Stykket er oversett av Jon Fosse. Det vil sei at stykket er på nynorsk. Det er ein vellykka kombinasjon. Teiknspråk med si poetiske og direkte uttrykksform blanda med nynorsk gir stykket ein ekstra dimensjon.

Stykket hadde urpremiere i London i 2000 og har vore oppsett på fleire teater. I Noreg er det Rogaland teater som har sett det opp stykket, i 2003 då med 7 unge frå barne- og ungdomsteateret.  Det er sett opp som monolog i Danmark og Sverige.

Sarah Kane skreiv stykket kort tid før ho tok livet av seg i 1999 på det psykiatriske sjukehuset ho var innlagd. Tittelen viser til det tidspunktet ho pla vakna når ho var inne i ein depresjon. Ho vakna med ei kjensle  av klarhet. Ho visste kven ho var, men det var ei ho ikkje orka å vere.

To skodespelarar, eit kvitt rom. Der ligg fragmenter av Sarah Kane si historie. Ei reise inn i eit kjempande sinn. Kropp og sjel er blitt framande for kvarandre.  Dette er ikkje så mykje eit skrik om hjelp, heller ei bønn om kjærleik.  " Eg ser du har det vondt, men eg kan ikkje halda livet ditt i hendene mine"

Teater Manu har 10 års jubileum og feirar med å prøve ut nye uttrykk. Produksjonen har som mål å forene ulike språk og kulturar saman på scenen.
To språk - to kulturar- to skodespelarar -  eitt ønske om sjølverkjenning og ei bønn om  kjærleik.

Dette er eit stykke som ein kan sjå om ein ikkje kan teiknspråk. Det er både tale  og teiknspråk. Deler av tekstane blir vist på bakveggen. Dette var eit gripande stykke der tårer og lått blanda seg.

Til hausten skal dei reise rundt med riksteateret og eg vil anbefale alle å få dette stykket med seg.

Regi: Franzisca Aarflot
Skuespillere: Ipek Mehlum og Idun Losnegård



 
Ipek D. Mehlum og Idun Losnegård


Tolv på fem psykose
Tegn, tale, tekst og bilde

Dagens kviss: Kven er teatersjef på Teater Manu?


3 kommentarer:

  1. Var ikkje ho med i ein eller annan barne tv?

    SvarSlett
  2. Heilt rett, Han Innante. Det er Mira. Gratulerer du er dagens vinnar!

    Anne, Mira var ein del på tv på 80- 90 tallet.Hun var bla "den røde dame" i "Vertshuset
    Den gyldne hale" !

    SvarSlett