mandag 7. mars 2011

Fjols til fjells

Fint skal det vere i fjellheimen. Suldal har snart fleire hytter enn hus, men hyttene kan gjerne kallas hus. Mange hytter har større plass og fleire fasiliteter enn byhusa. Hyttene poppar opp som sopp rundt om i fjellheimen. Snart står dei like tett som byhusa gjer.


Det kan bli for fint i heia. Blir det for fint er det ikkje skilnad på heime og hytta, og korleis tek ein seg då inn at etter ei stressa jobbveke?  Det er viktig for kroppen å vere utan elektrisitet av og til. Me treng å trekkje pusten djupt og å senke skuldrene.


Det er slutt på den tida då ein reiste i timevis med fjordabåten inn til Sand, for så å hive seg inn i bussen for å køyre dit ein hadde leigd hytte. Då var det kanskje ennå fleire timar å gå før dei kom fram. Det er ein nostalgi me eigentlig ikkje ynskjer å ha igjen. Men me kan minnast det.

Eg hugsar me stod på kaien påskehelga og såg då byassane kom inn. Båten var stuvande full og turistane sprang med ski og sekker for å komme først av båten slik at dei fekk plass på bussen.

Då eg voks opp kunne me vere to familiar i ei lita hytte på eit rom. Ei påskehelg hekta far innerdøra av, la ho på bordet slik at to ungar kunne sove der, for det var verken senge-, eller golvplass att.

Det var ingen fjernkontroll på stølane som ein kunne fjernstyre varmen med. Første natta på hytta kunne det vere så rått at det rann av veggene og sengetøyet var fuktig. Men eg kan ikkje anna enn å hugse at me ungane hadde det jysla kjekt.

Som ungdommar drog me opp på stølane. Me sleit oss opp med proviant, klær og ski. Og, veldig viktig; kassettspelar med ekstra batteri. Me koste oss, spelte kort og musikk. Me var fjols til fjells, og likte det.  Eg minnest at det alltid var mange kjekke gutar i heia. Ofte kunne dei ha gått lange leier for å komme på besøk.



Dette er ein moderat hyttestørrelse i dag


Døme på hytteinteriør  ( Suldalsposten)

Døme på nøktern hytte. Legg merke til utedoen.

Her kokar me på den eksklusive komfyren. Kleda som heng til tork hadde ei lei tendens til å dette ned i maten.


Av og til tok me den enkle varianten, mat på boks, her demonstrert av Kari.


Legg merke til kassettspelaren. Den gjekk heile påskehelga. Batteria lada me på omnen. Eg har på meg genseren eg arva av Magnus, og eg elska den.

Så må de ha ein fin vinterferie de som driv med slikt. Det blir ingen kviss i ferien.
Bloggen går sin gong.




8 kommentarer:

  1. .......me e blitt ein generasjon der alt vi tenkjer og gjer ska "gli som kniven gjennom mjukt smør".....minner fra fortiden er jammen verdt å ta vare på..Takk!

    SvarSlett
  2. Vi lever i en tidsalder der pizza'en kommer fortere hjem til deg enn politiet.

    SvarSlett
  3. Kor får ein tak i ein støl når ein ikkje er fødd eller gifta inn i stølslivet? Har lyst på ein støl i tillegg til den bekvemme hytta som eg må innrømme at eg har....

    Koss byggeskikken skal vere i fjellet, er viktig å ha fokus på. Hyttegrender som ligg diskret til med hyttene som er tilpassa terrenget, kan gi liv og variasjon i landskapet, medan det motsette verkar som eit slags overgrep. Eit godt auga for denne balansen, er nesten ei eiga kunstform og ikkje noko som den enkelte hytteeigar eller hytteleverandør nødvendigvis har nok innsikt i. Me let oss sjølvsagt smitte av det me ser kring oss på dette området som på alle andre. Eit hus skal leve lenger enn enn vår levetid. Så her kunne eg ha tenkt meg eit mildt, men høgt kvalifisert diktatur.

    Koselege bilde av vakker ungdom:-)

    SvarSlett
  4. the librarian bitch7. mars 2011 kl. 14:40

    Eg hugsar genseren Kari har på seg :-)
    Eit primitivt hytteliv var greit nok i ungdommen, men etterkvart har kravet til komfort blitt litt større. Eg likar å gå på do innomhus!

    SvarSlett
  5. Takk for mange kommentarar :) Gode minner er gull verdt.
    Anne, eg likte kommentaren din, fine :)

    Suldalsrypa, du kunne jo hatt ein Suldøl på si .. :P Eg er enig i det du skriv. Eg køyrde austover i dag.Då Vågslid openberra seg fekk eg mest vondt. Hytte på hytte overalt. Tett i tett som ein by. Rett over vegen låg fjellbutikken

    tlb, ja kari hadde vel den m til Sauda. Me hadde klerne lenge i den tidå.
    Vett du ka, eg nyte å gå på utedoen på Torgålen. ( på dagtid)Då set eg med open dør og nyt utsikta. Ungane er ikkje like glade, pga av innsikta :P

    SvarSlett
  6. Takk for mange fine kommentarar. Eg likte godt kommentaren om pizzaen og politiet:)

    Suldalsrypa, du kunne jo hatt ein Suldøl på si.. :P Eg er enig i at det bør fokuserast på byggjeskikk.I dag køyrde eg austover. Då Vågslid openberra seg fekk eg mest vondt. Hytte på hytte, tett i tett. Og rett over vegen låg fjellbutikken.

    TLB, ja me hadde klerne våre lenge i dei tider. Eg må nå innrømme at eg likar godt utedoen (på dagtid) Då sit eg med open dør og nyt utsikta. Ungane er ikkje like glade pga innsikta :P

    SvarSlett
  7. Eg huska også genseren til Kari :) Utanom d, kunne ein tru d va Bjørg Katharina som sto attmed ogn!!

    SvarSlett
  8. Alle husker Kari sin genser, men ikkje min....

    Å Moe, hehe, du ser likheten du og:)

    SvarSlett