mandag 14. mars 2011

Googlekunnskap versus ekspertar

Eg såg ein reprise på Lyngbø og Hærlands big bang. Det er eit populærvitenskapelig program der Hærland og Lyngbø stiller merkelige spørsmål. Dei stiller spørsmål til eit fast ekspertpanel som består av ein historikar, ein fysikar, ein sosialantropolog og ein lege. Dei får mange umulige spørsmål. Det er eit nokså fornøyeleg program.

Denne gongen var det mellom anna tatt ein test på kva som var raskast og best; Google eller ekspertpanelet.

Noregsmeisteren i Nettsøk var klar med datamaskinen sin. Ja, det finns tydeligvis ein konkurranse om å vere raskast i nettsøk. Det var kvasir som arrangerte den i si tid.

Resultatet av denne konkurransen vart vunne av ekspertpanelet  med 3-2
Eit av spørsmåla nettsøkaren klarte var : kven vart best i Paradise Hotel sesong 2!

Dette viser at Google er best på kvasikunnskap. Hjernen og kunnskap har heldigvis ikkje gått ut på dato. Hurra for sunt bondevett!


Lyngbø og Hærlands Big Bang
Små spørsmål om dei store temaene



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar