tirsdag 1. mars 2011

Hug a librarian day!

I dag er det den store bibliotekarklemmedagen. Då skal me gå inn på vårt faste bibliotek og gi vår faste bibliotekar ein jysla god klem. Eller gi  alle bibliotekarane ein klem.

Kvifor skal me nå ha ein slik klemmedag? Ja, det er vel berre ein ting å sei: "fordi dei fortener det!" :)  

Me kjem inn og maser, spør og grev. Dei er alltid like ivrige til å hjelpe. Dei kjem også med forslag om bøker me bør låne ut frå kva dei ser me les. For eit minne på dei.

Min bibliotekar går fint inn i rekkja av flotte bibliotekarar på Sand folkebibliotek. Mor hadde Beate. Då eg gjekk på skulen hadde med Helga Bårdsen. No, etter eg flytta heim att til Sand har eg Eva.

Eva går også under navnet the librarian bitch. Det er ein intern spøk mellom eg og henne. Me likar begge geriljabroderi, eller bryderier, som det også vert kalla. Det er aggressive krosstingsbroderi. På ei nettside kom eg over eit flott krossting med "the librarian bitch" brodert, og viste henne. Me var enige i at ho skulle starte ein bokblogg under det navnet.
Bloggen har ennå ikkje sett dagens lys, men navnet er i bruk, som de kan sjå på kvissen min.

Synd at ikkje Tormod er biblioteksjef lenger, ellers kunne eg hatt god grunn til å gi han ein god klem. Men han har pensjonert seg, og Elfried er ny sjef. Då går klemmen til henne.

Så vandra inn i flokk og rad og klem i vei!


Suldal folkebibliotek i fint vær

Biblioteket si side:
http://www.suldal.folkebibl.no/

Facebookgruppa si hug a librarian day side:
http://www.facebook.com/event.php?eid=187767831250704

Her kan du lese om bryderiene:
http://www.facebook.com/group.php?gid=29685963137&v=info

Dagens kviss: Kan ikkje ha eit bibliotekspørsmål her, for Eva kan alle. Så spørsmålet blir: kven har navnedag i dag?

3 kommentarer:

  1. I dag er et Audny , Auden og Audun sin navnedag!

    Natt til 1 mars for 25 år sidan var Olof Palme drept!

    I det gamle Roma feiret Matronalia 1 mars, en fest til ære for guden Juno(Den fremste/høyeste bland gudinnene, og Jupiters hustru!

    SvarSlett
  2. the librarian bitch1. mars 2011 kl. 09:11

    Eg er klar for hugs!!!
    Takk for fine ord, Liv. Hadde ikkje vore feil om alle lånarar var som deg heller.
    Eg kan jo legga til at når det gjeld geriljabroderiet så er ingrediensane innkjøpt. Det same gjeld bloggen. Eg har registrert meg. men å få ut fingen er det verre med.

    SvarSlett
  3. Anne. Du er dagens vinnar! Og snart er du kvissvinnar og ;)
    Takk for dato-opplysningar. Alltid kjekt med slikt her.

    TLB, supert eg ventar i spenning på at fingen skal ut:)

    SvarSlett