fredag 4. mars 2011

Hvor bliver SLT koordinatoren

Inkvan har sove i timen!
Far til mine eldste born sa alltid i diskusjonar der folk trudde noko: " Du skal ikkje tru. Du skal vite.  Tru skal du gjere i kyrkja!"  Dette er ord det kunne vore greit at kommunen sine folk hadde lagt seg på minnet. Dei trudde dei kunne søkje om SLT midler når dei ville.

Fordi inkvan trudde, men ikkje visste, blir SLT- koordinatorstillinga mest eit år forsinka.  Men sidan dei også trur at det ikkje er noko stort problem med rus i Suldal er det vel ikkje så farlig. Me foreldre er nokså naive og bit på når rådmannen uttala at rusproblem er eit ikkje-problem i Suldal.

Tykkjer politiet i Suldal det same?  Det høyres mest slik ut når dei kjem til den konklusjonen at det er utanbygds folk som har rusa seg på venterommet på Jelsa. Eg ser det for meg; ungdommane kjem med westamaranen, går inn på venterommet, rusar seg og  herpar venterommet mens dei ventar på at båten skal koma innom att og ta dei med til byen.

Lensmann i Vindafjord etterlyser engasjement frå foreldre og skule i Suldal etter opprulling i Vindafjord. Dette er ikkje noko nytt. Det har halde på i lang tid. Då er det ikkje nok å gå i tog for å behalda skulen. vel så viktig er oppvekstmiljøet til ungdommane.

Vindafjord har SLT- koordinator og engasjert politi. Kva har me?
Me har kanskje ein SLT- koordinator til hausten. Men blir han stasjonert i Suldal? Nei da! Er me heldige kjem han til å vere i Suldal litt oftare enn politiet. I mens er det berre ein ting å gjere: Bry dykk!!!!

Geir Wigestrand, rettleiar ved psykisk helse, ei einsleg svale i kampen  mot tidleg alkoholdebut  (foto SP)

Dagens kviss: Kva tid gjekk søknadsfristen for SLT midlar ut?

4 kommentarer:

  1. I flg helsedirektoratets brev til alle landets kommuner og politi, går fristen ut 31.03.2011.

    Og at politikarane e så naive at dei trur det ikkje er rusproblematikk her - SMEKK PÅ FINGRENE..

    Men eg har faktisk trua på foreldra i Suldal kommune, at dei har vakna etter kvar, og hel auger og øyrer oppe. Hugsar me hadde avtale oss foreldra i mellom når mellomsten gjekk på ungdomskulen, at såg me nåken av borna våre rusa, el.at dei opphaldt seg i ein gjeng dei ikkje burde vere med - sku me ta kontakt med foreldra til vedkommande (utan at bornet fekk vete kem som hadde sagt fra...)

    Dette gjorde me ikkje fordi me ville sladra , men nettopp som du seier Liv, ME BRYR OSS..

    Håpar flest mogleg foreldra kan gjere dette, det må vere lov å sei ifra om me ser noko urovekkande!

    SvarSlett
  2. Heilt rett Anne! Søknadsfristen var 31.mars i fjor også, men dei brukte så lang tid på å finne ut om dei ville ha koordinator at søknadsfristen gjekk ut.

    Me får krysse fingrene for at me får ein dyktige koordinator som bryr seg om både suldals- og Saudaungdommen.

    Ja, mange har brydd seg, men likevel er det for mange foreldre som blir sinte når vaksne bryr seg. Det er trist, for det er ungane me bryr om om, ikkje dei vaksne sine tankar om sin perfekte familie.

    SvarSlett
  3. Jobben hadde vel vore midt i blinken for han du har avbilda i dette innlegget?
    Tør å meine nåke OG han tør å stå fram med meiningane!!

    SvarSlett
  4. Vett du ka Anne, D syns eg og!!!

    SvarSlett