mandag 21. mars 2011

Komler i lange banar

I går rauk det or pipa på Mo grendahus. Dei som køyrde forbi kunne sjå ein travel parkeringsplass der bilar kom og for heile dagen. Dei som var orienterte, visste at det var den årlige  komlemiddagen for Bygdevon 4H.

Det var ein suksess som vanlig. Travle 4 H`arar brukte heile fredagen til førebuing. Det var skrelling, kutting, rasping, rydding, vasking. Så må bord settast fram. Etterpå skal alt ryddast og vaskast.  Jammen er dei flinke.

Liva og Ida har selskapskaker som 4H prosjekt. Dei laga ei saftig og stilig klubbkake.  Denne kan de sjå lenger nede på sida.

Søndagen tok kjekke unge servitørar i mot oss i fint svart og kvitt antrekk og tok opp bestilling. Kameraet mitt kutta så eg fekk ikkje dokumentere denne hendinga, dessverre.

Her var det ikkje snakk om kor mange som skulle eta, men kor mange komler ein skulle eta. Vil du ha 4, eller fleire komler ? smila dei.  For 150 kroner kunne ein eta så mykje ein ville. Surmjølk, eller saft attåt og kaffi og kaker etterpå. Var det rart at me rulla ut att?

I løpet av søndagen var nærmare 80 personar innom for å metta seg.  Overskotet brukar dei til den årlige helgeturen til Hovden. Denne turen ser dei fram til og er glade at så mange kjøper komlemiddag.

Bygdevon er den klubben i Rogaland som har auka mest. Dei fekk 16 nye medlemmer sist år og dermed vann dei vervepremien. Premien er gratis fylkesleir i juni for heile klubben. Gratulerer!



Sydanes komlegryte


Ferdige komler. 


Døme på komlemiddag

Kaka som Ida og Liva laga til komlemiddagen ( foto I. Lunde)


Dagens kviss: Kor mange 4 H klubbar er det i Suldal?

5 kommentarer:

  1. Anette : 5 Stykk ..

    SvarSlett
  2. Dei 8 er Bygdevon, Fjellbjørka, Frisko, Grytenuten, Kvitveis, Snøklokka, Vannlilja og Ørnen 4H

    SvarSlett
  3. Jøss! Nå lurer eg på kin Han Innante er.
    4H Noreg oppgir 8 klubbar. Gratulerer!

    SvarSlett
  4. Takk takk:)

    Ein gammal 4H`ar eg iallfall...

    SvarSlett