fredag 25. mars 2011

Kvass i kviss

Når ein har vakse opp med ukeblada sine 20 spørsmål er ein vel litt miljøskada. Kviss er kjempekjekt, men dødsens alvorleg. Om kveldane var det tid for spørsmål, men det var alltid krangel om kven som skulle lesa dei opp. Den som las fekk ikkje vere med å svare, så den rolla ville ingen ha.

Eg har vidareført utspørjinga i heimen. Me spør og grev i tide og utide. På toget, på flyplassar, i  heimen, ja, kort sagt overalt. Me er altetande og tar alt frå enkle Se og Hør spørsmål til engelske fagblad.  Me har det jysla løye, men det gildaste av alt er å problematisere svara.  

Den uvanen har eg dessverre tatt med meg ut or heimen.  Så eg er ikkje like populær på kvissar. F eks på Heidrun. Men heldigvis har eg ei søster i ånden. The librarian bitch er lik meg. Me er rå kvissarar og problematiserer alle svar. Derfor heiter lager vårt " Flisespikkarane".

Min lille morgonkviss starta fordi Heidrun var for slappe med å arrangere kviss. Derfor laga eg min som ein protest. Kvissen min har berre eit spørsmål. Det fordi ein skal ikkje kreve så mykje av folk før dei er vakne. 

 Eg har hatt to omganger til 20 rette. Første omgang vann The librarian bitch, andre omgang vann Anne. Og Anne skal feirast i morgon.  Me skal ta kvissen utor bloggen, og har ein kvissomgang på kulturhuset klokka 12

Er du glad i kviss og har høve, så møt opp på kulturhuset lordag klokka 12 og ver med. Dei som ikkje har eige lag blir sett i lag  med andre.


Hm. Dette var eit vanskeleg spørsmål. Eg blir sure viss nokon andre svarar rett.

Nå leser eg opp spørsmåla altså, så følg med!


Jippi, der fekk eg rett. Det er alvorligt med kviss i heimen



Dagens kviss: Kva er det som foregår her? Studer bildet nøye.


7 kommentarer:

  1. Hahhahha , der e eg :P

    Men hu ''brenn ut voksen'' fra øyret ;P
    Det huske eg så sjukt godt når eg va der ;P

    Hilsen ANETTE

    SvarSlett
  2. Ja,heh kom ikkje på at du lese bloggen min :P Heilt rett, Anette! Du er dagens vinnar. Gratulerer!

    Her foregår det ørelysbehandling.
    Det var ganske interessant, ikkje sant! :)

    SvarSlett
  3. the librarian bitch25. mars 2011 kl. 11:18

    Ørelysbehandling? For mørke øyrer?
    Lurer på om "Han innante" vil ta turen inn te detta Sand i mårå :-)

    SvarSlett
  4. Han Innante får besøk imårå, å lika seg i groen beste med quiz på nett...

    God helg!

    SvarSlett
  5. Øyrelysbehandling virker. Det er utrulig kor mykje gøgg som kjem ut or tette øyrer :)

    Ja, me er spente på han innante;P

    SvarSlett
  6. Ja han Innante, kviss e kjempebra nå nett, sant ;)

    SvarSlett