søndag 13. mars 2011

Livet etter at brua er vegfast

Når me eingong får byggjeleiar til brua vår, bør me tenke på kva me skal finne på når vegen går utenom strandstaden. Me vil nok få det mykje roligare. Det har folk før oss opplevd.

 Når vegar blir styrt utenom tettstadar har butikkar og kafear måtta gi opp. Dei tettstadane som ikkje er kreative og finn nye måtar å få folk til å køyre innom, blir akterutseilt og døyr sakte.

Byen, Seligman, ligg ved Route 66 i USA. Byen var sterkt trafikkert den gongen route 66 gjekk gjennom byen. Så blei det bygd ein ny highway som leia trafikken utenom og dei mista livsgrunnlaget sitt. Vegen blei opna klokka 4, og etter det kom det ikkje ein bil til byen. Det vart ein spøkelsesby som så mange i Amerika. Slik var det helt til eit lyst hovud kom på nye måtar å få folk tilbake til byen.

Route 66 var bygd av nødvendighet, skada av motorvegomlegging og gjenfødd som turistattraksjon.


                                                 
Her starta turisteventyret som redda mange småbyar langs route 66



Me har fleire eksempel.:
Aurora Texas 1897: Jarnbanen som vart bygd gjennom Amerika stoppa 48 km frå byen. Etter det blei byen akterutseilt. Frå å vere ein pulserande by på 3000 sjeler enda dei opp med 400

Så datt det ein UFO ned på ein gard i Wise County. Mannen i UFO`en døydde og vart gravlagd på kyrkjegarden i Aurora.  Restane frå UFO`en vart kasta ned i ein brønn. Dei som drakk av det vatnet fekk forferdelig revmatisme der ledda blei så store at dei sprakk.

Det blei skreve om dette i avisene. Då var ikkje begrepet UFO oppfunne. Då heitte det mystiske luftskip.  Etter ei tid kom folk til at dei var så desperate fordi dei mista jarnbanenstasjonen at innbyggjarane ville gjere kva som helst for å få toget til byen, også dikte opp ei UFO historie.

.
Slike hender fekk bonden som drakk vatn frå  brunnen


Flying Saucer Alien Ufo
Ein slik styrta i Aurora, Texas


Eg har lese ein roman om ein liten italiensk by der trafikken blei leia utenom. Byen byrja  å døy, men så kom dei på at dei kunne skape eit under.  Jomfru Maria viste seg i kyrkja deira. Folk byrja å strøyme til byen for å sjå underet og byen vart redda.

 Nå er italienerane heldigare stilt enn oss. Sidan me er protestantar kan me ikkje nytte dette trikset. Men me må vera føre var. Eg har sett i Suldalsposten at folk har byrja å tenkje i UFO-banar. Litt dumt at bakmennene stod fram og avslørte det. Det kunne blitt ein ny Hessdalen oppi Suldal.

Her på bloggen  kan de legge inn forslag til kva strandstaden skal leva av i framtida. Etterpå kan me sende det til kommunen slik at dei kan ta stilling til kva me skal leve av i framida!

5 kommentarer:

  1. the librarian bitch13. mars 2011 kl. 10:44

    Då eg byrja å lese denne, så tenkte eg på Miraklene i Santo Fico med ein gong, men du meiner at det går ikkje grunna freil religion. Nå har eg lese i SP at dei driv med ein del alternativt litt lenger oppi dalføret: http://suldalsposten.no/nyhet.cfm?nyhetid=4293
    Det tyder jo at her kan me vera truandes til kva som helst. Kva me skal gjera for å få folk til å køyra innom "detta Sand" i framtida har ikkje eg svaret på. Det kom eit spenstig forslag, som viste seg å vera ein aprilsnarr for nokre år sidan. Kanskje me burde sjå nærare på den ideen?

    SvarSlett
  2. Takk tlb. Eg har boka i biblioteket mitt, men inkvan har rota, eller lånt ho, så eg kom søren ikkje på kva ho heitte:P

    Ja, dei er alternative lenger oppe i dalen, men det blir ingen bilar til detta Sand av det.
    Trur me får gå for aprilsnarren. Det var mange som meinte det var det beste forslaget nokonsinne :)

    SvarSlett
  3. Me må jo laga statuer over adle kjendisane som e herfra, anten dei e frisørar, fotballspelarar eller eit eller anna.!!

    Me har jo ungkarsfestivalen, eks-ordførarar med spekepølse, laksesafari - ja, me e i gronnen kjendisland allereie!! Sandsferja får legga seg te fast bortpå Hydrokaien når brua kjem, så bygge me na om te resturant og danseplass.. Tenk så flott å sitja ute på eit ombygd dekk og kosa seg , mens stjernene skinn på himmelen, og lys girlandarar i allslag farger blafrer stille i vinden...
    Heilt nytt er vel ikkje dette, danskane har bl. a is skuta Elbjørn i Aalborg, men me lar kje slike bagateller stoppa oss på Sand vel..

    SvarSlett
  4. Spørsmåla Liv reiser, bør absolutt tenkjast alvorleg gjennom. Kva får oss til å vilja ta ein avstikkar for å oppleva noko?

    Tenk på bokbyen i Fjærland t.d. Der har dei funne eit konsept som fungerer år etter år. Dersom ein vel å satsa nok, kan det planlagde barnekultursenteret på Sand bli ein viktig institusjon på fleire plan og for mange målgrupper.

    Dersom prognosane slår til, vil me bli eit land der mange kan kallast godt vaksne. Dette vil vere ei gruppe som er lystne på meir enn ein sjukeheimsplass, men det vil og vere viktig. PC-verda vil produsere mange livsstilsvondter som slår til i ung alder. Mange av utfordringane bør møtast med endringar i livsstil. Det offentlege helsevesenet vil ikkje kunne imøtekomme alle behov. Mange vil ha økonomi til å skaffe seg spesielt tilrettelagde opplegg.

    Noko for Sand/Suldal?

    Men ein undersjøisk, gjennomsiktig tunell; det hadde garantert trukke reisande....... Me går for den uansett!

    SvarSlett