onsdag 9. mars 2011

Oskeonsdag

I dag starter fastetida. For dei mindre opplyste kan det leggjast til at fastetida går frå oskeonsdag og varer i 40 dagar fram til påskeafta. Denne tida er til minne om Jesu si vandring i ørkenen.  Det krev disiplin å faste. Det var påbudt i katolsk tid. I katolske land blir det framleis fasta.  Muslimske land fastar i Ramadan.

I gammal tid var det ikkje spøk om ein hadde synda. Då måtte ein på oskeonsdag kle seg i botskler og strø seg med oske, derav uttrykket i oske og strie.
Biskopen sa: " Memento homo, quia pulvis est et in pulverum reverteris, age pænitentiam ut habeas vitam æternam!"  Det betyr: "kom i hug, menneske, at du er støv og skal vende tilbake til støv, gjer bot så du kan ha evig liv ". Så vart synderane jaga ut or kyrkje slik Adam og Eva vart drivne ut or Paradis. Syndarane fekk kome inn i kyrkje att Skjærtorsdag.

I dei tidlegare tider var bodet om faste, halde seg frå mat og drikke, teke bokstaveleg og alvorleg. Desse påboda heldt seg i Noreg opp til nyare tid. Nå er fastetida helst ei tid for stille og konsentrasjon som ei førebuing til påskehøgtida.

Å faste kan vere vel så godt for kropp som for sjel. Så, om du ikkje kjem nærare Jesus av å faste kjem du garantert nærare å gå med bunad 17. mai.


Det står i boka: Jes. 58, 5 -7 :

"Er dette den fasta eg vil ha, ein dag då menneske plagar seg sjølv, heng med hovudet som sevet, kler seg i botsdrakt og ligg i oske?

Kallar du dette for faste, er det ein dag etter Herrens vilje?
Nei, så er den faste som eg vil ha: at du løyser  dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut dei som er trælka, ja, knekkjer kvart åk.

At du deler ditt brød med dei som svelt, og let heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser, og ikkje sviktar dine eigne."

Då kan ein istaden for å kle seg i strie og oske gi ein slant til fasteaksjonen så gjer me ein god gjerning og følger skrifta.

Ha ei god fastetid!





 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar