torsdag 17. mars 2011

Pioner i kvinnesak

I dag kan me feira at det er 100 år sidan første kvinne møtte på Tinget.

17. mars 1911 var ein historisk dag. Den dagen møtte Anna Rogstad som første kvinne i Stortinget. Noreg vart ikkje det same etterpå.  Nyheita hadde spredt seg at Frk. Rogstad skulle møte som vararepresentant for Høgre sin stortingsrepresentant, Jens Bratlie. Det var lang kø for å komme inn på galleriet, mest kvinner.

"-iført en enkel og smakfull ullkjole inntok frk. Rogstad plassen i stortingsalen" meldte datidas presse. Alle , unntatt to, stortingsmenn reiste seg. Representantane Rinde og Sæbø nekta å reise seg for henne. Ikkje fordi dei var imot kvinnelige stortingsrepresentantar, men  fordi dei var for full stemmerett. I 1911 hadde kun formuende kvinner hadde denne retten. Ennå var det 11 år fram i tid at Noreg fekk første kvinnerepresentant på Tinget. Det var Karen Platou i 1922

Stortingpresidenten snakka om denne merkedagen i sin tale til representantane.  I løpet av si tid i stortinget tok Anna Rogstad ordet fleire gonger, ofte tok ho opp upopulære emner.

Anne Rogstad var fødd i Nordre Land og yngst av fire søsken. Ho og ei søster flytta til Oslo og vart lærarinner. I den tida måtte ugifte lærarinner klare seg med halv lærarlønn. Dei var ikkje verdt meir som ugifte.

Anna Rogstad var viktig innan kvinnesak, men har kome litt i skuggen av andre kvinnesaksforkjemperar. Ho var sentral i kampen for stemmerett for kvinner, i lærarinnene  sin kamp og for at jenter skulle få utdanning.

Anna var med å stifte "Fortsettelseskole for unge piker". Ho var og med på stiftinga av Kvinnesaksforeninga og Kvinnestemmerettsforeninga, og var i mange år leiar for Kristiania lærarinneforbund.  Ho stilte til valg for det nystifta Frisinnede Venstre som var i valgforbund med Høgre.

Takk til dei som gjekk føre og jamna vegen for oss!



Anna Rogstad. Stortingets bildearkiv. Foto: Szacinski
Frk. Anna Rogstad




Forslag fra Kvindestemmeretsforeningen til endringer i Grunnloven § 50, med Rogstads underskrift, datert 30. oktober 1903. Stortingsarkivet. Dokumentet i pdf.


Dagens kviss:  Anna hadde eit namn til. Kva var det?

8 kommentarer:

  1. litt dumt å vara anonyme, men kall meg han innante...

    SvarSlett
  2. Der blei eg litt for sein gitt, sånn går det når man kastrere kattane sine og må vere sjukesøster!!

    Tenk for ein kamp ho kjempa, var ikkje lett å få kvinnesaka fram på den tida... Greit med likestilling - men syns det går over stokk og stein nå, med alle slags lover og regler - og klager på ditt og datt

    SvarSlett
  3. Ops, noko har skjedd med deler av innlegget. Men bra de fekk med dykk spørsmålet.

    Ja, Georgine er heilt rett. Det blei han innante som vant i dag. Gratulerer! Godt du valde å ikkje vere anonym, litt dumt å vere det i ein kviss hehe.

    Anne du må drite i sjuke kattar når det gjeld kviss. her snakkar folk om å skifte jobb for å nå kvissen :P

    Ja, Dei kjempa for det dei trudde på, og me får fordelene.

    SvarSlett
  4. the librarian bitch17. mars 2011 kl. 10:53

    Vett eg har fått meg grønn stær og e nærsynte, men så dårleg trudde eg ikkje at eg såg, men altså eg ser ikkje spørsmålet?

    SvarSlett
  5. tlb: eg e og nærsynte. Når eg kom heilt opp i skjermen såg eg spørsmålet ;) av og til e dataen smartare enn meg... elle tosknare :S

    SvarSlett
  6. Eg trudde heller ikkje det var kviss denna gongen , før eg plutselig såg nåke grått!(så hugs å ikkje ha grå skrift ;)

    Men TLB trengte jo ikkje skifta jobb, for du hadde jo lagt ut kvissen kl 0730 og det var jo det ho ville ha!!!

    SvarSlett
  7. Hehe, ja, skal skjerpa meg. Fekk ikkje til å skifte farge :(

    SvarSlett