lørdag 5. mars 2011

TV2 sin skjulte agenda

God morgon!
Eg ergrar meg. Eg ergrar meg over God morgen, Norge. Programmet er bra det.  Det er variert og tek temperaturen på heile  Noreg.  Kommmunen vår har vore nemnd der fleire gonger. Unge og etablerte kunstnarar får vise seg fram der. 


Eg likar også Wenche sitt kjøkken. Ho er opptatt av kortreist mat og lagar lokale rettar frå heile landet.  Men så kjem dei med Christer Berens.  Berens er ein vinekspert. Greit det også.  Men det ergrar meg at fjernsynet får lov å drive reklame for varer det er forbudt å reklamere for. 


 Alkohol er ei lovlig vare, men er ulovlig å reklamere for.  Ligg det ein skjult agenda her?   Berens kjem  og snakkar om kva vin me må ha til dei forskjellige rettane og kva vinen kostar. " Kos deg med vin i vinterferien. Du kan få vintipsa rett på mobilen også".  Reine skjære reklamen for vinmonopolet. 


Det toppa seg for meg sist veke, då Signe sa: "nå er det vinterferie, kan du anbefale ein god  vin me kan kose oss med på hytta."   Dette er eit familieprogram. Då syns eg ikke det er nødvendig å drive reklame for alkohol. TV2 har eit ansvar. Etterpå sit tv vertane og nyt sitt glas med vin tidleg på morgonen.


 Det same var det før jul. Då fekk dei folk inn som fortalde om korleis mange unge grua seg til høgtida på grunn av foreldra sine drikkevanar. Likevel fekk Berens snakke om vin til julerettane. Det hjelper lite å invitere folk til å snakke om alkoholmisbruk og kva virkning det har på familien, når dei etterpå driv intens reklame for alkohol. 


Det er nå ein gong slik i verda at ikkje alle foreldre kan styre sitt drikkemønster. Dei fleste foreldre tåler alkohol, mens andre må beskyttast mot seg sjølv. For nokre kan synet av eit glas øl, eller vin sette i gong vonde prosessar.  Det gjer ungane redde og utrygge. Derfor er det eit forbod mot slik reklame. Derfor opprører det meg at TV2 driv med ulovlig alkoholreklame.


Ha ein fin vinterferie UTAN vin! 


Les også: Vin til tapas
Christer Berens med vinane sine




Her er alkohollova klar:


§ 9-2. Reklame for alkoholholdig drikk.
       Reklame for alkoholholdig drikk er forbudt. Forbudet gjelder også reklame for andre varer med samme merke eller kjennetegn som drikk som inneholder over 2,50 volumprosent alkohol. Slike varer må heller ikke inngå i reklame for andre varer eller tjenester.
       Departementet gir forskrifter om avgrensing, utfylling, gjennomføring av og unntak fra bestemmelsene i første ledd. Departementet kan gjøre ytterligere unntak fra forbudene når særlige grunner foreligger.
Endret ved lover 16 mai 1997 nr. 28 (ikr. 1 jan 1998), 17 des 2004 nr. 86 (ikr. 1 juli 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 599).


God morgen, Norge si side:

7 kommentarer:

  1. Eg er så hjertens enig!!!
    Kva med å sende spørsmålet over til departementet? Dei plikter å svare på skriftlige henvendelser

    SvarSlett
  2. Viss et vin program kan læra oss å drikka litt meir kultivert, og læra oss at vinen kan nytast til mat og ikkje styrtast før ein skal på Heidrun kro. Så kan eg ikkje fatta ka den store skaden som er skjedd her. Karen

    SvarSlett
  3. Men det er jo litt dobbelt moralsk Karen?

    Først sit det fortvilte familier/born som lir under alkoholmisbruk - så 10min etterpå gir det tips om god vin???

    ALt er ikkje svart/kvitt - eg vett det - men tykkjer at God Morgen Norge IKKJE bør drive alkoholreklame.. Slikt kan matprogram seint på kvelden ta seg av... (som så vidt eg veit IKKJE TV2 har,;))

    SvarSlett
  4. Eg forstår argumentet-men alkholmisbruk handlar jo om når ein drikk for for mykje vin. Dette programmet handla jo om å ta seg ein smakstilsettar til god mat. Fleire og fleire begynne og interesera seg for god vin - og det vil eg sei er med å skape et sunt forhold til alkohol.

    SvarSlett
  5. Bra dåkke er engasjert. :)
    Karen, eg bekymrer meg ikkje så mykje for dei vaksne. Det er ungane eg bekymrar meg for. Dei som får ein vond klump i magen når de får servert på TV at det er ok å ta med vin på hytta. Der ungar og vaksne bur tett innpå kvarandre. Det kan vere skremande.

    Eg trur ikkje folk lærer så mykje kultivert alkoholkonsumering av TV2, dessverre. Og skal det vere fritt fram for reklame for alkohol, så syns eg like godt de kan reklamere for røyk og snus også. Det er også lovlige varer :P

    SvarSlett
  6. Liv tek opp ei viktig sak. Det er omfattande snikreklame for alkohol. Sjå i matspaltene i avisene t.d. Det er like store alkoholproblem knytt til fine vinar som til meir "ukultivert" drikking som mange ikkje vil identifisere seg med. Egsynest Liv skal ta saka vidare!

    Eg er einig med Karen i at mange i Noreg kan trenge å utvikle ein meir "sivilisert" alkoholbruk. Men samtidig er det ein tendens til at bruken av alkohol trengjer seg inn på fleire og fleire arenaer: Er det nødvendig med alkohol på stadion eller på kinoen? Eller "reklamere" for det på TV 2?

    Det er ein klar samanheng mellom den totale alkoholkonsumen og alkoholskadar. Det er bevist meir enn ein gong. Eg synest difor at me skal ha ei solidarisk haldning og ha litt motstand. Den vaksne verda skuldar ungane det. Det er for mange som lid i kvardagen, i altfor stor solidaritet til foreldra, fordi det er det einaste valet dei har.

    SvarSlett