torsdag 7. april 2011

Coop- litt mitt!

I går var eg på årsmøte, igjen!  For oss nordmenn som er eit folkeslag av møtegåarar, blir det ein del møter gjennom året. Våren er tid for årsmøter. Det eine møtet avløyser det andre. I går var eg på eit historisk møte.. Årsmøte i Coop Sand .

Årsmøtet til Coop Marked Sand har tradisjonelt vore ein festkveld. I tillegg til årsmøtesaker er det underhaldning og fin middag på hotellet. Nå er denne tida over. Coop Marked Sand har gått inn i ein ny tid. Dei har fusjonert!

På årsmøtet i fjor vart det bestemt at styret skulle jobbe fram ein plan for å fusjonere med Coop Haugaland. Det gjorde dei, og i går blei det gjort årsmøtevedtak å gå inn for fusjon. Sand går inn i Vikedal krets og blir truleg heitande Vikedal/Sand krets. Kva badnet sjølv blir heitande er eg ikkje heilt sikker på.

Nå er Coop Marked Sand SA historie. Det vil sei om Coop Haugaland og konkurransetilsynet ikkje har noko i mot det. Vårt lokale kooperativ står støtt på sine føter, men vil  stå endå stødigare på kai-pælane sine framover.

Dette er ein vinn- vinn situasjon. Coop styrkjer konkurransen innover Ryfylke, dei tilsette får styrka personaloppfølging og kan jobbe innan eitt større område, og me som eig Coop får betre medlemsfordelar.

Nå slepp me ha fleire medlemskort. Me vil få same utbyte på kortet både når me handlar på Sand og på Haugalandet. Jammen har tida gått framover sidan eg måtte samla alle kvitteringane gjennom eit heilt år, levere dei til Økonomen på Auglendsveien, og få utbytte etter antal kvitteringar eg kunne vise fram. Nå dreg eg berre kortet, og vips er kjøpeutbytte registrert på kontoen min.



Sjefen på Coop har har bygd ein flott butikk og overlevd. Nå har ho levert gode resultat i fleire år. Butikkken som aldri kom til å tene pengar i Gata hadde 25 prosent auke første året og har auka jamt og trutt etter det. 

Coop Sand SA + Coop Haugaland SA= Sant!  


Velkommen til Coop Haugaland SA, Sand!
http://coop.no/

Dagens kviss: Kven er styreformann i Coop Sand?

7 kommentarer:

  1. Rett igjen! Gratulerer som dagens vinnar.

    Du slår sandbuane langt ned i støvlane.Dei må skjerpa seg skal dei redda æra si:)

    SvarSlett
  2. ps, leserene dine er hjertelig velkommen til min blogg

    http://mylupusworld.blogspot.com/2011/04/give-away.html

    Ikveld trekker jeg en heldig leser som får en gavepakke verdi 250,-kr!!

    SvarSlett
  3. Morgenstund har gull i munn:) Men halv 10 e nå långt på dag.... Eg e som regel oppe i 5-6 tiå...

    SvarSlett
  4. Ja, eg ser det nå at du var "sein" med å svare idag ;) Både i går og idag når eg logga meg inn, hadde du akkurat svart!!

    5-6tida? Stønn...

    SvarSlett
  5. Det seiest at alt er relativt ;) D gjeld visst også begrepet tidlig ;)

    SvarSlett