mandag 30. mai 2011

Barneplaging i suldal

For nokre veker sidan las eg i Suldalsposten eit stykke som eg ikkje har klart å leggje frå meg. Det var artikkelen  "Tøffe språk- tak"  skrive av Esther Moe.

Rådmannen har tatt tak i den dårlege språkopplæringa for grunnskuleungar i kommunen.  Ho vil sende framandspråklege elevar frå 5- klasse til ein innføringsklasse på Sand tre dagar i veka.  Formannskapet vart splitta i saka og den vart returnert til rådmannen.

Tone Mari sand (SV)  Roar Obrestad (Krf) og Hans Sæther (Ap) meiner at opplæringa ikkje er god nok.  Obrestad seier at det er barneplaging å la ungar sitje i eit klasserom utan å forstå kva som skjer.  Ja, det er verkeleg barneplaging!

Eg veit ikkje så myje om norskopplæringa for språklege minoritetar i suldal i dag, men då eg på 90- talet tok utdanning i norsk som andrespråk ved UIB fann eg ut at det stod dårleg til i Suldal. Det var ein del av vår oppgåve å finne ut korleis stoa var i vår heimkommune.

Der hadde dei fritak frå forskriftene om språkopplæring med ein merkeleg begrunnelse; "..dei skulle vere i ein langt løp."  Veiledaren min undra seg stort over at dei hadde fått eit fritak,.. og på det grunnlaget.   




I studiet vårt fekk me ein aha- oppleving gjennom stilen; "Medaljens bakside" Den var skrive av ei godt integrert jente med eit bra språk. Det vil sei eit godt overflatespråk.  Språket krasja mot det djupare underliggande språket.  Ho skreiv rett ut om ein medalje og hans bakside; Kva den eventuelt var laga av. Ho hadde ikkje fått med seg nyansane i språket, der me veit at medaljen sin bakside er ein bakdel.

Hans Erik Svennes (Frp) seier at grendeperspektivet er hans fremste perspektiv. Er det verkeleg viktigast at ungane går på skule ovanom Juvet, enn at dei lærer seg godt norsk?  Kva meiner moderpartiet om det?  Kva meinar veljarane om det? Vil dei ha ungar som snakkar dårleg norsk fordi dei måtte sitje i fleire år utan å skjøne kva som føregjekk på skulen?

Kan de tenkje dykk noko verre enn å sitje på skulen time etter time i fleire månadar utan å skjøne, berre ape etter dei andre ungane, før dei tilslutt får eit språk til å kommunisere med.  Den tida ein kasta vekk med å sitje utan å forstå, blir vanskeleg å ta att. Ein vil slite med å skjøne nyansar i språket, problemer med å skjøne vitsa; kort sagt alt som ikkje er reint informativt språk.

Det er ikkje snakk om å flytta elevane frå heimeskulen. Det er å la dei gå i ei samla gruppe nokre dagar i veka der dei får intensiv opplæring i sitt nye morsmål, og truleg i sitt eige morsmål, for det er viktig å ha ein base i eige morsmål for å lettare kunne ta inn eit nytt språk.


Dette seier opplæringslova om språkinnlæring:

§ 2-8. Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar
    -   Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.
       Morsmålsopplæringa kan leggjast til annan skole enn den eleven til vanleg går ved.
       Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.
       Kommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. -

Tirsdag skal levekårsutvalet sjå på saka. La oss vone at dei vil borna det beste. Taparane i denne politiske kampen blir borna. Dei blir ei brikke på sjakkbrettet.

 La borna si rett til å snakke godt norsk på fleire plan, gå føre grendekranglar.

Dagens kviss: Kven meinte at det var dårleg integrering å ta elevane ut or heimeskulen for intensiv opplæring i norsk?

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch30. mai 2011 kl. 08:56

    Saksar litt frå SP:
    Der meinte fleirtalet beståande av Senterpartiet og Frp at ideen om å ta ut barna frå grendeskulane er dårleg integrerering, og dei var heller ikkje nøgde med ei saksutgreeing som utelukkande var basert på oppvekstkontoret sine meiningar.
    Også frå SP: Introduksjonstenesta ser heilt annleis på saka og meiner at nærmiljøet på grendeskulen er den tryggaste og beste rammen for å læra.

    SvarSlett
  2. Rett. Gratule
    re som dagens vinnar. Velkommen tilbake til kvissen :)

    SvarSlett