fredag 27. mai 2011

Har de sett Grete Pryz Kittelsen på Sand?

Eg har sett Grete Prytz Kittelsen på Sand. Eg såg henne på Kulturhuset. Ho er der ennå. Ikkje i eigen person, men tinga ho skapte er der. Me har ein vandrande utstilling med nokre av arbeida hennar.

Grete Prytz Kittelsen er eit stort namn. Ho var kalla skandinavia si designdronning. Ho døydde i 2010  De veit kanskje ikkje kven ho er, men sakene hennar har de heilt sikkert sett. Ho var stor innan emaljearbeid. Ho er gullsmeden som  laga vakre kvardagsvarer. Hennar skåler, tallerkenar, gryter, og så vidare, var lekre og tidlause bruksgjenstandar.


Copyright © Grete Prytz Kittelsen
Mix og match er samleobjekt i dag.


Grytene hennar Grete.

Kaffikjelar i fleire fargar.


Nydelige gryter, men dei vart ganske stygge etter ei tids bruk.

Alt skulle passe saman på kjøkkenet  i 60- åra


Ser det kjent ut?

Dette fatet vart seld for kr. 140.00 to år før ho døydde. Då kan me tenkje oss at det er meir verdt no.

Villaen i Planetveien 12 ble bygget i 1994, og var hjemmet til arkitekt Arne Korsmo og designer Grete Prytz Kittelsen. Det ligger ved Bånntjern på Vettakollen. FOTO: ADVOKAT TORBJØRN EK AS
Planetveien 12 der Grete Prytz kittelsen budde har vore omtala i det siste. Ho ville huset skulle vere husvære , men huset måtte ikkje endrast. No er det planar om å verne det.

ET LAVT LIV:
Sjølv om Grete Prytz kittelsen kom frå ei høg grein, hadde ho eit "lågt liv". Stova hennar var japanskinspirert.


Grete i si stove.

Utstillinga på Sand opna 7. mai og står fram til 29. mai.  Det nærmar seg slutten for utstillinga her, så har de ikkje sett den, nytt høve nå.  Etter 29. er det forseint. Kom og sjå, og kanskje ergre deg over at du kasta ei formue i sist opprydding.

Her kan de sjå ein filmsnutt av utstillinga:
http://nrk.no/design_og_handverk/design_og_stilhistorie/inspirasjon/1.6256020

Kvissen er over for denne gong. Er de interesserte i meir kviss, så skrik ut om det, og kva klokkeslett den eventuelt skal gå neste runde.

10 kommentarer:

  1. Jatakk:) bare det e mellom kl 07.15 og 15.00 så ska eg klara å henga på:) Dette er interessant, lærerikt og eit høgdepunkt i kvardagen!

    SvarSlett
  2. Åja, du må kje ta fra oss kvissen!Er kje alltid eg henge med tidlig om morgonene, men,,,(så litt seinare hadde kje gjort nåke)

    Og TLB har kje stemmerett ka klokkeslett ho vil ha kvissen, for ho er jo kje med lenger, hehe!!

    SvarSlett
  3. Eg syns og du skal fortsette med kvissen! Artig å lese og samtidig se hva folk svarer. Burde kanskje prøve å henge med på neste kviss runde :-)

    SvarSlett
  4. Då får me gå i gong igjen då over helga.:)
    Kva syns de om klokka 09.00 Det tidspunktet har me visst ikkje hatt?

    SvarSlett
  5. the librarian bitch27. mai 2011 kl. 23:34

    Takk Liv for utstillingsomtalen. Berre synd at ikkje fleire har kjent si besøkelsestid desse vekene. Som utstillingsansvarleg har eg prøvd å pusja info på folk så godt eg har kunna. Var t.o.m på kurs på sjølvaste Nasjonalmuseet for denne utstillinga. Det ser ut som at suldølen ikkje har blikk for god og tidlaus design.

    Klokka 9 trur eg kan vera eit godt tidspunkt for meg. ANNE!!! Eg datt vekk av kvissen grunna endra arbeidstid og litt byte på arbeidstader... så det så....

    SvarSlett
  6. HAHA Eva, eg måtte berre trekke i deg ;) Sidan du va så annige på at det hvertfall ikkje skulle vere kl 1000!!!

    SvarSlett
  7. JA, synd om ikkje mange såg denne. Eg syns det er utruleg gildt å få slike utstillingar hit. Måtte me få fleire!!

    Liva ville forresten kjøpe huset til Grete P K for det va så kult:)

    SvarSlett
  8. Hmm... her står det kl 0900 og ikkje 0845, eg blei "snøten" for 15 min idag!!

    SvarSlett
  9. off, Anne. det var visst under eit anna innlegg eg korrigerte tida :( beklager.

    SvarSlett
  10. Eg fann det nå:) Måtte berre inn å sjekka om eg trengte sterkere lesebriller;)

    SvarSlett