onsdag 18. mai 2011

Meir flott frå Sand

Det kjem mykje bra frå Sand. Det har me slått fast for lenge sidan. Me har unge talenter, prisvinnarar, forfattarar og mykje meir.

Her ein dag eg surra ute i verdensveven, kom eg over noko eg ikkje visste; Olav Veka har fått ein pris. Det var ifjor han fekk den, saman med to medforfattarar.

Olav Veka er altså frå Sand. For å opplyse dykk, godtfolk, så er har bror av den, på Sand, meir kjende Tormod Veka som budde i Nordenden.

Olav Veka har skrive ei, etterkvart, stor rue med bøker, åleine, eller saman med andre.  Eg hugsar godt at Ledaal videregående skole nytta hans bøker i pensum.  Alt då skrytte eg over alt godt som kom frå Sand.

Frå han er det kome førenamnsbøker og etternamnsbøker. Det er sjølvsagt for pressa å konferere med når inkvan kongelige døyper borna sine.  Han har skrive ordbøker og lærebøker.  Eg trur han og likar gode ting frå Sand, for hovudoppgåva hans handla om stadnamn frå Sand i Ryfylke.

Olav Veka sine oppslagsbøker er særs gilde å ha.  Men hald godt på dei om du har dei, for dei har ein lei tendens å forsvinne ut av heimen, for så å aldri finne vegen heim att.

Så ser eg altså at han og to andre har fått ein pris for Sidemålsordlista. Det er Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening som gir ut prisen. Dette er ei nynorskordliste der bokmålsorda står med peikarar til kva ordet er på nynorsk.

Dei fekk prisen for boka, fordi boka er pedagogisk tilrettelagt på ny måte. Desse karane kjenner elevane og veit kor dei bommar.  Så eg håpar nå helst at dei ikkje les bloggen min.

Ordbokvinnarar
                            Desse tre karane fekk ordbokprisen 2010


Sidemålsordlista
Denne boka fekk dei pris for.


Dagens kviss: Kva heiter boka han nylig gav ut saman med Nancy Coleman?

4 kommentarer:

  1. "Du skulde og været her,kom til vaaren!"

    SvarSlett
  2. Og korleis gjekk det med kvissoppsummeringa?

    SvarSlett
  3. Heilt rett. Dagens vinnar!

    Eg mista den, så eg må gå inn på kvar dag og telje opp etter den siste oppdateringa:(

    Men eg har ein mistanke om at du ligg veldig bra an! :) Det orka eg ikkje før 17. mai, det blei for travelt. Men oppdateringa er plutselig tilbake ;)

    SvarSlett
  4. jepp jepp:) Me ser! E jo godt inne ver i dag iallfall....

    SvarSlett