søndag 5. juni 2011

Amnesty i 50 år!




Amnesty International er 50 år. Me feirar dei med eit lys på kaka. Det starta med eit brev frå ein enkelt mann, og vaks til denne store internasjonale organisasjonen.  Bak det omfattande arbeider dei gjer, ligg det 50 år hardt arbeid. Dei starta med å jobbe for å fri samvetsfangar, og mot tortur under den kalde krigen.

Motsetninga var stor mellom aust og vest, så Amnesty stod klart på at dei var nøytrale. Seinare kjempa dei mot dødsstraff, før dei utvida til å jobbe mot kvinnevold, og kampen mot fattigdom.



Peter Benenson var årska til at Amnesty såg lyset for over 50 år sidan.



 I 1977 fekk Amnesty International Nobels fredspris, og i 1978 fekk dei FN sin menneskerettspris.

28. mai feira dei dagen sin.  Amnesty har medlemmer i 150 land ,  og har 3 millionar  aktivistar. 300 etterforskarar er heile tida på vakt mot menneskerettsbrot. Og godt er det, for det trengs.




       Generalsekretær i jubileumsåret: John Peder Egenæs. Han håper å vere overflødig når foreningen fyller 100 år.



Dessverre trengs Amnesty International framleis. Sjølv om dei har gjort ein god jobb gjennom 50 år, ser me at dei må jobbe lenge ennå. Det er berre å sjå til Syria, Tunis, Egypt og Libya.

Framleis har to av tre ikkje rettferd i livet sitt.; Overgrep, fattigdom og diskriminering er utbredt. Å leve utan frykt, er ein draum for mange.

Gratulerer med vel overstått dag, og  lukke til med arbeidet framover!
              Eg seier med engelskmannen : "Keep up the good work!"

http://www.amnesty.no/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar