torsdag 16. juni 2011

Festivalar i fleng

Det er sommar og tid for festivalar. Rundt om i Noreg har kvar ein lita krå med respekt for seg sjølv ein festival. Suldal har Ungkarsfestivalen. Vikedal har Roots, fiskefestival, hjortefestival, og visstnok enda eit par  festivalar. Me har Ryfylkedagar. Sauda har sine dagar. Til og med Nes har sin eigen festival: Fiskefestival.

Det er mykje fiske og musikkfestivalar, men det er nokre som skil seg ut, som The American Festival. Ja, i seg sjølv er vel det ikkje så spesielt. Men det spesielle er at dette er ikkje amerikanarar som feirar seg sjølv, men Lista  som feirer si amerikanske sjel. 

Vest-Agder har Noregsrekord på utvandring. Alle der har eit søskenbarn, ikkje på Gjøvik, men i Brooklyn. Dei fleste har budd, pendla, eller besøkt USA. Det er den delen av landet der folk har flest amerikanske førenamn. 


Der heiter dei Chris Normann, Raymond, Roy Geir, Nancy, Grace, Wally Eli. Eg meinar eg såg eit tv program, ein gong, som påstod at ingen stad i Noreg hadde fleire amerikanske og norske namn på ungane sine, enn her.  Banda var tette mot Amerika. 

Når det skal vere amerikansk må det vere Amcars med. Har du ikkkje råd til å reise til Amerika for å sjå paradar og Amcars, så kjan du reise til Lista i sommar og sjå alt der. Akkurat som i Amerika!



Slik blir det sagt i Siv Ringdals Bok "Det amerikanske Lista" Med 110 volt i huset.

Den amerikanske Lista

"Altså, Amerika la jo Langt vekk. Eller Som mi sa, Det betydde jo Stort sett Brooklyn Eller New York. Etter kvert Som mi vokste Opp udover i dei 20 Aren, sa blei Det Liksom en del en Vår verden. Det gjorde Det, ikkje SÅ Langt vekk. Du matte krosse gjønom Atlanterhavet for en komme te junaiten Som mi sa, menn Det va Liksom Ikke Nage ... "



DSCF1032.JPG -
Denne er berre heilt rå.



DSCF0980.JPG -
Amcars i alle slags fargar.


DSCF0937.JPG -
Lista er betre enn Cuba.


DSCF0996.JPG -
Bilparaden er nok ei oppleving.




DSCF0963.JPG -
Til og med Elvis er på the American Festival







Heimesida til American festival:


http://americanfestival.no/index.php?page=festivalen-2011


http://www.facebook.com/pages/AMERICAN-FESTIVAL/117979574888225?sk=info


Dagens kviss: Kva tid blir the American Festival arrangert?

3 kommentarer:

  1. the librarian bitch16. juni 2011 kl. 10:23

    Eg komme aldri å dra til Lista og når eg ein sjelden gang køyre gjennom Kvinesdal så lokke eg auene. Det er mykje Kevin og Steven der og ... grøss....

    SvarSlett
  2. Sjå her du , Han Innante er tebars igjen:) Gratulera som dagens vinnar!

    Ja, tlb, det er møkje løgne navn der ;)

    SvarSlett