torsdag 9. juni 2011

Kjipt hybelliv i Bergen

Livet er for kjipt! Akkurat slik er det for dotter nummer to for tida. Livet i Bergen er for kjipt, og det regner hele året!

Ho hadde fin hybel i bufellesskap med fleire andre. Sentralt og med god nok standard. Der ville ho bu ut studietida. Så var det tid for praksis. Ho får avtale om framleige.  Glad og nøgd vendar ho nasen mot Haugesund for å ta eit halvår praksis.

Så, eit par veker før praksistida er over, og mindre enn ein månad til eksamen får ho dårleg nytt. Dei er blitt kasta ut! Tinga hennar er flytta ein eller annan stad. Litt nedrulla ringer ho mamsen og klagar seg. Løvemor blir arg, men beskjeden kom for seint.

Det viste seg at eigaren døydde. Det var trist, men fekk store følger for studentane, for arvingane selde huset.  Dei nye eigarane ville ikkje leige ut.  Dei kutta stramen så all mat i kjøleskapet vart øydelagt.  Då dei klaga, fekk dei beskjed at riverane kjem NÅ!  "De må ut."  "Me skal skaffe dykk ein midlertidig plass til skulen er slutt."  Dei som tok det tilbodet er stua inn på den nye midlertidige staden.  Men der er ingen plass til dotter nummer to.

Då lurer eg på ein ting: Kor er den nye husleigelova?  Den lova som skulle beskytte leigetakerane mot slike overtramp.  Eg hugsar når lova vart sett ut i livet.  Det stod om det i avisene.  Huseigararne ville ikkje leige ut, for: "Dei ville aldri blir kvitt leigebuarane om dei ville ha dei ut," klaga dei.
Så skjer dette....

HK 06_42_003

Hybellivet kan vere kjipt av og til. Iallefall når det regner heile året og ein er på hybeljakt midt i eksamenstida..

Om det er nokon gilde bergenserar som les dette, så har eg ei, snart ferdig, apotekarinne som treng hybel eit år frå NÅ, og eit år fram i tid.  Helst nær Haukeland sjukehus, eller sentrum.

 
Apotekar anno 1508

Dagen kviss: Kva tittel kan ein apotekar smykke seg med?

4 kommentarer:

  1. En provisorfarmasøyt som har det øverste faglige og administrative ansvaret for et apotek, har tittelen apoteker! (så ein apotekar ER faktisk ein tittel);)

    Så har vi Reseptarfarmasøyter med ekspedering av resepter, service og veiledning i apoteker.

    SvarSlett
  2. Og fy søren så dårlig gjort av arvingene!! Finns det ikke medmenneskelighet blant folk lenger? Kun meg selv, meg selv, og så min neste hvis det er til mitt eget beste!! FY SKAM

    Er vel penger som styrer tenker jeg, få de fortest mulig i lomma

    SvarSlett
  3. Etter rådføring med ekspertisen, blir det Anne som får rett. Gratulerer.

    Eg trudde ho blei Cand Pharm, men sidan universiteta har lagt om til ny standard, blir ho Master i pharmasi.

    På hennar navnelapp vil det då stå: Maren provisorfarmasøyt. Eller viss ho blir sjef: apoteker.

    I gamle dagar på Sand var det ein unge som blei sendt på apoteket, av ein vaksen glip , for å kjøpe for 10 øre i syrlige provisorar! Dei var visst ikkje nøgde med sørvisen ;)

    Ja, cach er vel best :P Håpar det ordner seg.

    SvarSlett