tirsdag 7. juni 2011

Look to finland

Finland, landet med ein av dei vanskelegaste grammatikkane, har opplæring i og på kinesisk. Her til lands slit me med å gi døve med teiknspråk som førstespråk, opplæring i- og på teiknspråk. For ikkje å snakke om å la framandspråklige ungar få skikkeleg, og rask opplæring i norsk. Kvifor er me ikkje like gode som Finland?

Kaori Taakmine holder foredrag om det japanske språket, foto: Siri Johnsen

Norsk, med ein enkel grammatikk, er eit etter måten lett språk. Me kunne brukt denne tida på å lære andre språk. Likevel lærer me ikkje meir enn kanskje to språk i løpet av 10 år.  Den beste tida å lære språk, er frå babystadiet, og fram til ca 13 år. Så me nyttar den dårleg.

Ein høgrepolitikar i Oslo har sett det same innslaget eg såg på TV, og han vil gjere noko med det. Han vil innføre den finske modellen i osloskulane.

La oss dusje ungane i språk

Kvifor ikkje ha slike ambisjonar her også?  Eg meiner ikkje me treng lære oss kinesisk. Kva språk nå det er. Så ambisiøse treng me ikkje vere. Men kva med å tenkje på kva språk som blir snakka i kommunen vår?  Her har me folk frå mange nasjonar. Av dei som bur her er det sikkert fleire som har kvalifikasjonar til å drive opplæring i sitt språk.

Å ta offentlig transport forklart med symboler
Symbolspråk.

Me kunne hatt vår eigen suldalsmodell, som seinare lærarane kunne reist rundt med ,og halda føredrag om på andre skular, og barnehagar;  "Leik og lær!"

Kva med å hanke våre nye sambygdingar inn i barnehagen?  Rim og regler, og eventyr og songar, på eit språk som ungar som går i den aktuelle barnehagen brukar?  Slik får dei føle seg som ein ressurs.

I skulen kunne ein hatt det inn i modular lik den som foreldra til døve får i si teiknspråkopplæring.

Eg syns eg har ein knallgod ide. Kva syns de?

Dette er også eit spanande språk å lære. Du får garantert bruk for det.

Dagens kviss: Kva språk lærer ungane i Finland når det blir sagt at dei lærer kinesisk?

3 kommentarer:

  1. the librarian bitch7. juni 2011 kl. 08:47

    Mandarin
    Kan vel og legga til at Finland er det nordiske landet som brukar mest peng og ressursar på bibliotek.

    Ellers er det ein knakande god ide å bruka flyktningane i td barnehage/skule.
    For min eigen del så trur eg ikkje at eg hiv meg på noko opplæring i somali/etiopisk nå. Det er så mykje doble konsonantar som står oppå kvarandre at ein kan bli ikkje lite forvirra.

    SvarSlett
  2. Einig i at det er ein framifrå idé å bruka personar med eit anna morsmål enn norsk i barnehagar og skular. Denne ideen bør du løfta fram, Liv. Eller kanskje the librarian bitch kan starta med nokre bibliotek-opplegg? Språk og skriftspråk-system er veldig spennande og ein utmerkt måte å la våre nye landsmenn gi oss ny innsikt.

    Tidlegare meinte ein at det var skadeleg for barn å bli utsette for meir enn eitt språk, medan nyare hjerneforskning viser at barn som lever i fleirspråklege miljø tvert imot dannar fleire strukturar i hjernen, noko som igjen fører til at dei lettare lærer endå fleire språk.
    Det å leva i språk med kompleks grammatisk struktur har kanskje noko av den same verknaden?

    SvarSlett
  3. Ja, du er einaste vinnar i dag og ;) Gratulerar!

    Somali ville kanskje vore enkelt i forhold til Kinesisk. Eg kunne iallefall fått skrive utan å få blekk på heile handa ;)

    Trur Aasen og Knudsen skulle fått nok å gjere Kina, i eit land med frå 7 til 17 språk, alt etter varierande lingvistiske definisjonar.

    Eg trur the librarian bitch må løfte dette. Ho sit med tyngda av alle bøkene, og har då kanskje litt tyngde ;)

    SvarSlett