mandag 20. juni 2011

Never in your life

"Never for ever" er det nye slagordet. Never er det beste til å tekkje tak med. I fleire år vart det bruka plast underlag for torvtak. Det fekk fæle følger for gamle toker.

Nå er det mangel på never. Det er ikkje noko nytt. I alle tider har det vore nevermangel. I prost Arentz sin beskrivelse av Ryfylke i 1779 skriv han om mangel på taknever.

Restaureringsekspertar ber bøndene instendig om å rive never. Det trengs mykje never. Ein gard med 20 torvtak treng 200 mål bjørkeskog for å dekke behovet.
Never trengs til alle slags hus. Fleire og fleire vil ha never på hyttetaka sine. Det har vore med å auke etterspørselen.

Derfor trengs det tonnevis med never framover. Og det er pengar i never. Never av god kvalitet blir betalt med kr 60.- til 70.- per kilo. Er du erfaren, riv du fleire kilo i løpet av ein time.

RFF2009-056-001
Slike hus likar å ha never på taket

Dette er ein god ide som inntekt for ungdommar, eller skuleklassar.

Neveren nå rivast frå no og fire fem veker fram, avhengig av varmen, og høgd over havet.

Det blir drive kurs i neverriving på Dovre. For dette er ein kunst som går i gløymeboka, trur dei der oppe. Nå skal også Ryfylkemuseet rive never i Slettedalen i Sauda 21 juni. Er du interessert i å lære gamle kunnskaper, eller ser mogligheit for big business, så hiv deg på.


I godt og varmt vær går ein i gong: Med skarp kniv skjær ein eit loddrett snitt i stammen, og neverflaket kan då bli vippa forsiktig frå basten på treet. Legg nevra utover til tork, så skal det stablast og leggjast i press.

Tek de utfordringa, og vil tene pengar? Spør ein grunneigar, så har de pengar til klassetur innan kort tid!

Dagens kviss: Kva heiter stokken som ligg nederst på taket og held nevra på plass?

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch20. juni 2011 kl. 08:55

    Meiner du og den stokken som held torva og på plass? I såfall snakkar me om "Torvvol"

    SvarSlett
  2. the librarian bitch20. juni 2011 kl. 09:30

    Har nå lese Grete Holmboe: Tysselandsløa på Jonegarden. Folk i Ryfylke 2005
    Les om tokedugnaden dei hadde der. Sitat: På førehand hadde me lagt tro på løa. Mest mogleg av det gamle troet vart nytta oppatt. Det var komplettert med nye flaskskorne furubord frå Ole Ragnar Helland. Troa vart liggande med rundt ein tomme mellomrom og festa til sperra med spiker. Vindskeiene vart festa i den ytterste sperra og stakk eit par tommar over troa. Det vart lagt ei lita list oppå troa inntil vindskeia for å gjera knekken mindre for å hindra skade på nevra. Torvhaldkrokane er av brake henta frå skogen til Ole Ragnar. Emna er gamle buskar kor greinene bender nedover. Dette for å få dei heile fibrane i kroken opp mot torvhaldtreet. Torvhaldkrokane vart lagt oppå troet, over sperra med rotenden opp, og festa i sperra med spiker. Under krokane vart det lagt eit lag med never med utsida ned mot troa. Torvhaldtreet er av adla furu, skråskoren i endane for skøyting. Torvhaldtreeter øksa til for å ligga godt ned på krokane. Vekta av torva held det heile på plass.

    SvarSlett
  3. Heilt rett tlb. du er dagens vinnar!

    Tusen takk for det flotte referatet. Det var gildt å lesa. Nå vett me kor me skal gå om me treng torvhaldskrokar og tre ;)

    SvarSlett
  4. Ja dette visste vi her i huset og. Ole Ragnar er den som kan slikt best. Han har skore mange torvhaldetre . Levert både til Kolbeinstveit (Stabburet), Røynevarden og Jonegarden (Hustveit).
    Gildt å lesa Liv.
    Marit

    SvarSlett