mandag 13. juni 2011

Pinsemenigheten


Eg er så heldig å ha blitt medlem av pinsemenigheten på Sand. Vel, det er i grunnen ein alternativ pinsemenighet. Men den blir arrangert i Pinsen, og me er truande til litt av kvart.

Det er lettare for ein kamel å komme gjennom nålauga, enn for vanlige folk å bli medlemmer.  Derfor var gleda stor då eg blei  innlemma i menigheten.  Eg måtte først vere novise eit år. Det gjekk bra.



I dag er dagen då den heilage eld kom over læresveinane. Slik skulle me også teikna i klassen, men eg teikna ein liggjande L. Snakk om å misforstå bodskapet.


Me startar opp klokka 11 om formiddagen med god champagne. Det set standarden for dagen. Så et me, og drikk høvelig fluidum dagen lang. Dei mest ihuga medlemmene går ikkje heim før siste ferja har gått og lagt seg.  

Eg hadde med meg gelekake i fjor, og Tove og Helge sin eksklusive kirsebærvin, laga i småskala. Medlemmene er vinkjennarar, så dei gliste litt når mitt bidrag var heimelaga. Den eine  har vakse opp i ein bar og ein annan på ein vingard, dei andre er smakarar, så det var feinschmeckerar flaska skulle prøvast ut på.  Min kirsebærvin nådde heilt til topps. Dei smaka, og sukka og drakk. De var nokså ivrige på å kjøpe opp restlageret til Tove og Helge.

I dag er det pinse og eg tek på meg finstasen, pakkar førning, og smiler over heile meg. Eg skal kosa meg heile dagen utan ungar!

DSC00037
Menighetsforstandaren til venstre.

 DSC00038
God mat, god drikke, godt lag!

 DSC00039
Skåling i kopp går også bra, men det må forevigast som prov.

 DSC00040
Nokre av medlemmene i menigheten. Ho i midten ser ikkje heilt god ut. Har ho fått for mykje Møllers tran?

DSC00042
Mitt bidrag i fjor. Smaka bedre enn ho ser ut.


Hugs at i dag skal me sleppe å sjå reklame på norske tv og radiokanalar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar