lørdag 4. juni 2011

Ryfylkedagane er her!

I dag er hovuddagen for Ryfylkedagane.  Ein festival på Sand som har vore årviss i ca 15 år. Festivalen starta alt på onsdag då Heidrun hadde rekeaften og levande musikk. 
Torsdag var det tur til Hellandsnuten for dei spreke, i regi av Sand IL.  Det var også klassisk konsert på Kulturhuset.

Fredag var det utstillingsopning av "Det gode liv",  på Ryfylkemuseet. Samstundes var det forteljarstund i "Kvitebjørnen". Det var danseoppvisning, og nattkino på Kulturhuset.



Ryfylkedagane er ein gild dag der folk treffes, drøsar og handlar. Gata yrar av liv. Folk kjem heim for å treffe andre sandbuar.  Det tek som regel 4 timar å gå frå den eine enden av Gata, til den andre. Det er så mykje å sjå, og så mange folk å prate med. Når sola skin finns det ikkje kjekkare stad. I regn blir det litt mindre fart, men folk kjem likevel.


Gakk gakk. Klar, ferdig, gå!

Ta sjangsen, og andaløpet er dei store trekkplastra. Vinn du andaløpet, får du handle for ei formue i løpet av ein time. Overskotet går til ein frivillig organisajon i kommunen.

Ikkje gløym å ta lodd på Steggjen. Det er flotte suldølar som driv ideelt arbeid. Og vinn du der, får du 6 menn i 6 timar som du kan bruka til mest kva du vil!

Sand KFF sel deg allslags du ikkje visste du trong.

Kvinne og familieforbundet har sitt årvisse loppemarknad. Her kan du gjere eit kupp.
Du må også hugse å gå innom Suldal sogelag si stand. Der steiker dei kaker på takke, og viser film. Bøker kan du og kjøpe.

Nytt i år er kalvamønstring. Eg veit om nokre grand-nevøar og nieser som er veldig spente på kalvane sine, og om akkurat deira når opp.


Åshild Vetrhus syng gamle gravferdssalmer som  får oss til å gyse av nytelse og skrekk.

I dag er det også storaurefestival på Nes, og i Suldal er det konsert med Åshild Vetrhus og co i Suldals kyrkja med gravferdssalmer.


Har de ikkje fått nok, så er det moglegheit for meir på Søndag. Då er det grilldag på Nes. Kino i Kulturhuset, og gravferdssalmer i Erfjordskyrkja. Heidrun serverer pizzabord.  "Masse pizza for ein billig penge."

Gakk avstad og kos deg på strandstaden.

Her er programmet for Ryfylkedagane:
http://www.suldal-turistkontor.no/doc/334_Program_2011.pdf

Her står det smått og stort om årets Ryfylkedagar og andre hendingar:
http://www.suldal-turistkontor.no/index.php?Lang=NO&ID=0

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar