onsdag 8. juni 2011

Tante Anny

Tante Anny blir 75 år. Tante Anny er eigentlig ei filletante, men kunne ikkje har vore noko betre tante. Vår kjære tante er eit fyrverkeri. Me treng ikkje sei meir. Eit stort og varmt hjarta som omsluttar alle tanteungar og grandtanteungar.

Ho kom til Sand som ung mørkhåra skjønnhet og fordreidde hovudet til onkelen min. For å gjere inntrykk på henne måtte han imponere stort, og det gjorde han. Eit kyss med ein straumpuls på ca 10 tusen volt gjorde susen. Ør av ein straumande kjærleik blei ho verande på Sand.

I nokre år seilte dei sin eigen sjø, verda rundt fleire gonger, før dei slo seg til på Trollhammaren på Hiim. Der hadde eg min eigen plass midt i senga deira, og min eigen nattkjole.  Der var det godt å koma når konkurransen i heimen vart for stor. Mange gode minner har me  derifrå.


St. Hansnatt på Pyttaberget



Tante Anny er heilt skutt. Grandniesa traff henne.



Tante Anny i onkel Tor sin 80 års dag.



Feiring i Prestaåsen.  


Her feirar me tante Valborg sin 80 års dag på Vasstøl.  Det regna heile helga, men det la ingen dempar på festhumøret vårt. God drøs i godt lag gjer godt!

                                                  På ferie i Bulgaria.

Eg har reist mykje med onkel tor og tante Anny. Den første turen eg tok i lag med dei var turen Stord, Bergen, Oslo, Stavanger og heim. Eg var 6 år, og fekk vera unge åleine med dei, og eg storkosa meg. Me tog båt, buss, tog og trikk. Eg såg slottet for første gong.  
Me besøkte slekt alle stadar. Og eg nytte luksusen å vere einebarn.


Kva tid me kan, finn me eit høve til å feire, og kose oss i lag.  På lordag blir det feiring igjen. Tante Anny, me gledar oss.


Tante Anny nyttar tida. Ho har eit drøss med ungar å spøte til, så pinnane får ikkje liggje lenge i ro. No er det grand-nieser og nevøar som får gleda av heimespøta klær.


Julefeiring på Hiim.  Me har tatt inn det me skal ha. Så, står Gardvoren for tur.



Eit rose til deg, tante Anny, frå meg!


Dagens kviss: Kor er Tante Anny fødd?

5 kommentarer:

  1. the librarian bitch8. juni 2011 kl. 09:57

    Tante Anny (Anny Therese Clausen) kjem frå Stord
    Ho får nok ein fine dag :-)

    SvarSlett
  2. Gratulera med dagen til Anny!!!

    SvarSlett
  3. Ja, ho har hatt ein fine dag, og enda finare blir lordagen når me alle skal velte inn dørene til henne.

    Gratulerer som dagen vinnar! Tenk at du visste at ho heiter Therese og, elle har ho lånekort? ;)

    SvarSlett
  4. the librarian bitch8. juni 2011 kl. 23:34

    I biblioteket vett me alt og vett me det ikkje så er Drange: Sand - Gardar og folk, andre bandet, staden å finna svaret :-)

    SvarSlett
  5. Så sant,TLB, kva sko me gjort utan Drange?

    SvarSlett