fredag 17. juni 2011

Vegen vidare for eldre i Suldal

Det er mykje som skjer i Suldal, og mykje å ta del i.  Men det er ikkje alltid musklane vil vere med. Noko av det ringe med å vere kronisk sjuk, er at ein ikkje kan ta del i alt ein vil. Førre onsdag ville eg gjerne vore på eit møte, men musklar og ledd ville det annleis..
Så eg måtte nøye meg med Suldalsposten sitt referat.

Suldal kommune hadde invitert pårørande, lag og organisajonar til ein samtalekafe om dagtilbodet i kommunen, og vegen vidare...

Rådmannen opna med å uttale at dag-aktivitetane i kommunen kanskje kosta meir enn det smaka. Kven skal det smaka godt for, rådmannen eller brukarane?  Ho samanlikna Suldal med Fusa kommune. Det går fire fusakommunar inn i ein suldalskommune. Me brukar fire gonger meir enn dei, utan at brukarane er meir nøgde. Kanskje det har litt å sei at Suldal er ein mykje større kommune i utstrekning?  Kanskje har det noko å sei at ein tidlegare kommuneplan i Suldal prioriterte eldre?


Vidare er det ein forskjell at i Suldal lever dei lenger. Kanskje det er fordi det blir brukt meir penger på å halde dei i live?  Dagtilbodet er kanskje så bra at suldølen bestemmer seg for å henge med lenger enn dei i Fusa, som får eit dårlegare tilbod?

Det er eit skrekksenario for rådmannen at det blir fleire av oss som vil leve lenge i landet. Me døyr ikkje tidleg nok! Er det ennå slik at folk helst skal vere så finslege at dei døyr innan eit år etter at dei pensjonerte seg?


Frå 2012 blir det eit lovpålagt demenstilbod, og me blir stadig fleire eldre, og potensielt fleire demente. Rådmannen ville ha eit innspel på korleis me skal løyse desse utfordringane innanfor dei økonomiske rammene.  Dei frammøtte fekk skrive ned sine idear, og no er det opp til to damer i kommunen å lage ein plan. Har de sett dykk inn i dette?

Det blir spanande å sjå korleis kommunen vil gå fram. Her har dei jo eit stort problem: ei stadig større gruppe eldre som nektar å døy!


Dagens kviss: Kven fekk den vanskeleg oppgåva med å lage ein plan for framtida til eldre?

5 kommentarer:

  1. the librarian bitch17. juni 2011 kl. 10:37

    Fann ikkje referatet frå det møte, men tek ein sjans på Grete Johnsen og Nina Mosbron. Ellers så har eg eit godt forslag. Litt sånn seniorpolitikk. Når du går av med pensjon så får du x antall gonger utbetalt det beløpet du normalt ville få kvar månad. Då har du råd til å feste og reise og ha det gøy, hvis du er friske eller kjøpe deg ekstra komfort hvis du ikkje e så goe. Men alt dette får du berre hvis du skriv under på ei kule i panna når du t.d er 85. Då har du kanskje begynt å røra litt allereie. Men då sleppe jaffall kommunen å slita med altfor mange 100-åringar :-)

    SvarSlett
  2. Eg driv og å stresse med å finne referatet TLB - stønn...

    SvarSlett
  3. the librarian bitch. ta ditt gode forslag og send det til Grete Johnsen og Nina Mosbron. det er heilt rett dei som skal lage planen.

    Gratulerer som dagens vinnar!

    SvarSlett
  4. ÆSJ, eg som har stressa snart 1 time for å finne ut av det!!

    SvarSlett
  5. off då. eg kunne vel vore meir presis kva tid referatet kom, men eg reknar med at de alltid støvsugar Suldalsposten for nyhende :)

    SvarSlett