torsdag 25. august 2011

Dr. Jose de Francia

Klasseskilje er eit problem.Det har det vore i alle tider. Same kor mykje me snakkar om like rettar, så viser det seg at like born leikar best. Skilje mellom klassane aukar heller. Det vert større sprik mellom fattig og rik. Mange har hatt meir eller mindre heldige idear om korleis dette kan endrast. Ein som var forut for si tid var El Supremo; Jose de Francia.

Jose de Francia hadde råd for å fjerne klasseskilje.  Advokaten og politikaren, Jose de Francia, levde frå 1766 til 1840 Han tok over styret etter opprøret i Paraguay i Sør-Amerika då Paraguay lausreiv seg frå Spania.

Han vart ein av to konsular som styrte i Paraguay. Han styrte helst etter sitt eige hovud.  Eit av problema i landet var klasseskilje. Han fann ut at det var kun ein måte å bli kvitt klasseskilje; ved eliminering.

Han laga ein lov i 1814  som sa at riksspanske kun fekk gifte seg med svarte, mulatter,eller indianarar. Den spanske befolkningen  var velståande og vane med å gifte seg inn i andre rike familiar. Den farga befolkningen levde under dårlege kår.

Tanken var i og for seg smart. Rikdommen ville bli delt mellom alle, ikkje berre dei rike. Og hadde alle same hudfargen ville det ikkje vere grunn for diskriminering.

Jose de France møtte stor motstand mot lova, men då laga han ei ny lov. Han utnemnde seg sjølv til einekonsul på livstid i Paraguay. Men som alle diktatorar vart han verre med tida. Han styrte landet med terror, hadde sitt eige hemmelege politi, og krona seg sjølv som "el supremo".

Då han døydde tok den spanske befolkninga hemn, stal liket og kasta det i elva. Då vart det vel slutt på klasseskiljelova og.


José Gaspar Rodríguez de Francia y Velasco
Paraguays evige diktator: Doktor Francia, også kjend som el Supremo

Jose Gaspar Rodriguez de Francia y Velasco fødd 6. januar 1766  Død 20. september 1840  Han var utdanna advokat og var politikar.  Frå 1813 - 1814 var han konsul.
Frå 1814 - 1816 var han midlertidig diktator og frå  1820 - 1840 var han Paraguays evige diktator!


Dr. Francia er framleis heidra som den Paraguayanske stats far.

Dagens kviss: kven var det som hadde ein draum  om betre tider?

9 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Det er den draumen
    Det er den draumen me ber på
    at noko vidunderlig skal skje,
    at det må skje -
    at tidi skal opna seg,
    at hjarta skal opna seg,
    at dører skal opna seg,
    at kjeldor skal springa -
    at draumen skal opna seg,
    at me ei morgonstund skal glida inn
    på ein våg me ikkje har visst um.

    - Olav H. Hauge -

    SvarSlett
  3. the librarian bitch25. august 2011 kl. 10:28

    Har en drøm om ..... Jørn Hoel hadde en drøm. Men sidan du tenkjer i internasjonale banar, så held eg ein knapp på Martin Luther KIng. "I have a dream that one day... Talen blei holdt i Washington DC 28.august 1963
    http://no.wikipedia.org/wiki/I_Have_a_Dream

    SvarSlett
  4. Nå ringte Anette frå skulen, og sa MARTIN LUTHER KING frå hu og Lutten, dei hadde nettopp snakka om han i timen... Fy deg TLB som var 3 min raskare å svare;)

    SvarSlett
  5. the librarian bitch25. august 2011 kl. 10:57

    Då måkke komme her og komme her, Anne :-) Eg kom innpå 2 timar etter deg. Veldig overraska over at ingen hadde tatt kvissen ennå.

    SvarSlett
  6. Tlb Du er dagens vinnar.Gratulerer!

    Skulejentene var sjokka, som TLB, over at de ikkje tok draumen, sidan eg hadde skrive om klasseskilje. Vår data er nede så Liva såg ikkje kvissen før på skulen og hu gremma seg.

    Mange fine innlegg likevel :)

    SvarSlett
  7. Eg tenkte på SANGER eg, var sikker på at det var et lurespørsmål,) Første kommentar fjerna eg , for eg hadde 2 svar alternativer bl. a Jørn Hoel. Har en drøm og ABBA I have a dream;) MEN, så huska eg koss Liv kjefte når eg ramse opp fleire svar alternativ, så skreiv eg JOhn LennonS`Imagine heller... Syns eg og hadde rett eg, mange som draumer om bedre tider!!;)

    SvarSlett
  8. joda
    anne, i grunner er dåkke alle vinnarar. haha

    SvarSlett