tirsdag 2. august 2011

Dum som ei ku?

Den som meinar det, må ete i seg orda. Kua er slettes ikkje dum. Det har ein irsk bonde erfart. At kyr er nautne er berre ei uheldig språkblanding.  Naut betyr først og fremst storfe, så har det fått ei vidare tyding som stemplar folk med særs begrensa mentale evner. Det er på lik line med omgrepet "er du døv", som spelgar at ein er dum.
Så feil kan ein ta...

     


 Ei ku er ikkje berre ei ku.

Den irske bonden trur ikkje lenger at kyr er nautne.  Han hadde irritert seg i lang tid over ungar som slapp dyra ut or båsen.  Han vart så irritert over desse rampestrekane at han sette opp videokamera for å overvåke fjoset.

Han vart lang i fjeset når han fann ut at det var hans eige naut som opna låsen. Låsen som er heilt korrekt i henhold til forskriftene.  Sjå videoen i lenka nede på sida.

Kven var det som snakka om dumme kyr?

Frittgåande kyr


Kunstfe



Nå kan kyr til og med produsere morsmelk. Argentinske forskarar har ala fram ei genmanipulert ku som gir morsmjølk istaden for ku-mjølk!  Rosita ISI har fått innsett to menneskegener, og produserer mjølk med proteinet Laktoferrin og enzymet Lysizym. 
Bon Appetit!

Studer den teknikken som utbrytarkongen har:
http://www.nationen.no/2011/06/16/landbruk/ku/irland/6702998/

3 kommentarer:

  1. Dom som tror at andra är dumma, dom är dumma dom!sa me til trøyst eller fordi me syntest me sjølve var betre vitande?

    Har høyrt nokre forskarar snakke om dyre-studiar dei har utført. Dyra har vist seg å vere langt meir avanserte enn det dei trudde. Men mangt eit klokt hovud må finne seg i mykje strukturell dumskap - som t.d. å bli innelukt i båsen største delen av året. Men nokon gjer noko med det.........

    Godt å ha bloggar-Liv tilbake! Håper ferien har vore fin!

    SvarSlett
  2. Ferien varer ennå her. Innlegget bare datt inn av seg sjølv.:P Eg er visst ivrige på bloggstart;)

    Ja, dom er dumma! :)

    SvarSlett
  3. Det er bra for oss lesarar at du ladar opp mot hausten og nye tankesprang!

    SvarSlett